Reportasje
Skifer, villsvin og blankpolert stål
Med staur under armen og slegga i andre handa prøver eg å stavre meg oppover den stupbratte lia. Korleis skal det gå å plukke druer her?
Monorail er til god hjelp i stupbratte Trabener Gaispfad.Monorail er til god hjelp i stupbratte Trabener Gaispfad.
I 15 år har eg sysla med vin. Lese om vin, kjøpt vin, drukke, samla, smakt og spytta, formidla og skrive om vin. Det var på høg tid at eg fekk fingrane i den konkrete prosessen, ikkje berre feitta til tastaturet med svulstige smaksnotat. Denne hausten har eg difor vore dreng hjå vinbøndene Alexandra og Konstantin i Mosel. For å kjenne på kroppen kva som må til, frå druene enno ikkje er ferdigmogna, til dei slanke, grøne flaskene med vin står i polhylla framfor deg.
I to månader skal eg og familien bu i Traben-Trarbach, ein by med 6000 innbyggjarar, midt i Moseldalen. I dag er det turistane som florerer her, men for godt og vel hundre år sidan var det handelsmenn, vin og pengar. Mykje pengar. Byen var verdas nest største handelsstad for vin, etter Bordeaux. Mosel-vin var populært og lukrativt. Dei bratte skråningane i dalen vart rydda og planta med riesling. Meandersvingane i Mosel-elva er gravne ned i skiferen, 200 meter ned frå platået rundt. Opp frå elva er steile bakkar dekte med rieslingplanter i rette rader. Dette kulturlandskapet lokkar 2,6 millionar turistar i året.
Og det er difor eg er her. Bratte vinmarker som vender mot sør, sørvest eller søraust får rikeleg sol gjennom ein lang vekstsesong. 100 til 130 dagar tek det frå bløming til hausting. Dei gamle rieslingstokkane står med røtene i djupe lag av forvitra og oppflaka skifer. Somme stader er det eit tynt lag med jord som berre ugraset kan nytte. Vinen frå desse skråningane er intens og med ei vibrerande syre. Han har gjerne låg alkoholprosent, ein dash restsukker og lys farge. Han er konsentrert, men lett. Slik vin kan berre lagast her. Konstantin Weiser og Alexandra Künstler har laga slik vin under namnet Weiser-Künstler sidan 2005. Ulikt andre vinbønder i området har dei ikkje røtene sine i Mosel-skiferen. Dei kjem frå Bayern, møttest i Traben-Trarbach og vart forelska i Mosel og kvarandre.
Dei har ein kjellar frå 1500-talet, og huset oppå er frå 1854. Traktoren er femti år gamal. Det same er eikefata på 1000 liter som vinen gjærar i. Ståltankane er nye, men metoden for vingardsdrifta er uttenkt før. Godt gamaldags jordbruk, frå tida før kunstgjødsel og ugrasmiddel. Dei bind opp vinstokken til enkeltstaur i dei fleste vinmarkene, fordi det er for bratt til å nytte vaier i rekkjer. Etter innhaustinga får to greiner stå att. Desse vert bøygde ned i to bogar så dei liknar eit hjarte. Utpå våren kjem det fire til seks skot som vert festa i toppen av stauren. Dette gjev ei moderat mengd drueklasar og meir smakskonsentrasjon i kvar drue. Graset får vekse mellom vinstokkane, for det held på jorda og hindrar erosjon. Når graset vert for langt, vert det slått. Alexandra og Konstantin likar vingardsarbeidet betre enn kontorjobbing og gjer mesteparten sjølve. Nokre periodar i året har dei hjelp frå to karar frå Romania. Når innhaustinga skal ta til, vil vi vere 14 personar i alt.
Men før den tid er det fleire oppgåver som eg ikkje visste var ein del av vinproduksjonen. I den fyrste arbeidsveka mi har eg vore med Konstantin på ein trefrontskrig. Traubenwikler, vinmøllen, kan haldast i sjakk om alle vinbøndene er med. Det vert nytta feromonkapslar som vert plasserte ut i vinmarkene for at ho- og hannmøllen ikkje skal finne kvarandre og skape nye generasjonar. Møllen legg egg i blomane om våren, og dette gjev grobotn for sopp, som igjen er skadeleg for planten. Dersom eit stort areal er dekt med dei forvirrande signalstoffa, vil det vere effektivt. Difor går vinbøndene i kvar by saman om å plassere ut feromonkapslar i eigne vinmarker.
Skogen på toppen av åsen over vinmarkene er ein god tilhaldsstad for villsvin, og om natta forsyner dei seg grådig av fruktfatet. Dei går etter dei mest mogne og søtaste druene. Vi har difor sett opp elektrisk gjerde for å halde dei ute. Men å setje opp gjerdestolpar i ulendt og bratt terreng, der bakken plutseleg vert til ein tre meter høg skrent, er både tidkrevjande og farleg. I vinmarka Ellergrub, som strekkjer seg frå rett over elva og 185 høgdemeter opp, har Konstantin installert ein monorail. Han vert brukt til å frakte utstyr nede frå vegen og opp i vinmarka. Og til å få kassane med druer ned igjen. Ei skjene med tenner på undersida er bolta fast litt over bakken. Ho går rett opp skråninga, og når Konstantin set den motoriserte sleden i gang, er det berre å halde seg fast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.