Kunnskap

Skite spel

Diaré på grunn av infeksjon med E. coli er eit vanleg problem hos grisungar.
Diaré på grunn av infeksjon med E. coli er eit vanleg problem hos grisungar.
Publisert

I tjukktarmen hos varmblodige dyr er det eit rikt bakterieliv, og døde eller levande bakteriar kan utgjere meir enn halvparten av avføringa. Ein av dei vanlegaste bakteriane er Escherichia coli (E. coli). E. coli er til vanleg nyttige for verten, men patogene serotypar av E. coli kan gje alvorleg sjukdom hos både menneske og dyr.

Dette er bakteriar som kan klare seg både med og utan oksygen, dei kan overleve i miljøet, og dei har til og med eit aktivt kjønnsliv for å dele på arvestoff som gjer dei både farlegare og meir motstandsdyktige mot antibiotika. I ei verd med stadig fleire menneske og husdyr ser det ut til at E. coli og andre tarmbakteriar kan gå ei trygg framtid i møte.

Nyfødd

E. coli er ein av dei første bakteriane som tek plass i tarmen hos nyfødde dyr. Viss det blir for mange av ein patogen (sjukdomsframkallande) variant, kan bakteriane setje seg fast i tynntarmen og produsere giftstoff som øydelegg slimhinna og fører til ein kraftig diaré der dyra gjerne døyr av væsketap og uttørking. Slike giftproduserande E. colibakteriar er til dømes vanleg hos smågris, både rett etter fødsel og etter avvenning frå mora.

Grisungar med diaré bør få ekstra tilskot av væske og elektrolyttar, i alvorlege tilfelle kan det også vere naudsynt med antibiotikabehandling. For å førebyggje diaré hos spedgrisane er det vanleg å vaksinere purkene, slik at det blir meir antistoff mot colibakteriane i råmjølka.

Liknande colibasillose finn vi også hos lam, kje og kalv. I nokre tilfelle går bakteriane over i blodet og fører til systemisk infeksjon og rask død. Hos nyfødde lam kan dårleg hygiene og lite råmjølk føre til oppvekst av E. coli i tynntarmen, lamma blir slappe og kalde og får utrivelege symptom som oppblåst mage og kraftig spyttproduksjon («slevelam»), og behandling er ofte nyttelaust.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement