Kunnskap
Skjelpadder
Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.
Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.
Foto via Wikimedia Commons
Skjelpadder har vore på jorda mykje lenger enn vi menneske, og ifølgje dei siste funna innan evolusjonsbiologi er dei små slektningar av dei eingong så mektige dinosaurane.
Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta. Men skjelpadder har òg vore populære som familiedyr, og dei har vore sette på som løyndomsfulle og kraftfulle skapningar med ei viktig rolle i mange mytologiar.
Saman med andre reptil, som slangar og øgler, er skjelpaddene vekselvarme og tilpassa meir sol og eit varmare vêr enn det vi har her i landet. Nokre skjelpaddetypar er store og berømte, som dei kolossale elefantskjelpaddene på Galápagos, eller dei vakre havskjelpaddene som med innebygd kompass legg ut på eventyrlege og farefulle reiser over dei store verdshava. Men dei langt fleste artane er små skjelpadder som lever eit meir anonymt liv inne på land eller i bekkar og tjern.
Forbodstida
Uansett levevis og storleik, alle skjelpadder kan bli svært gamle, frå 50 til over 100 år er vanleg, og alle skjelpadder har mykje av den same kroppsbygnaden, kjenneteikna av det harde, utvendige skalet. Eller rettare: skalet sit ikkje laust utanpå kroppen, men er ei merkeleg omdanning av skjelettet, der ryggskalet er ei samansmelta plate av ryggrad og skulderblad, medan brystskalet er laga av brystbein og ribbein.
Denne radikale flyttinga av kroppens indre støtteapparat gjev skjelpadda eit godt vern mot ytre skade, men har også gjort det litt vanskelegare å puste. Sakte rørsler er også eit av kjenneteikna til desse førhistoriske dyra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.