Skogens uro
Eg har felt mange tårer i skogen, men eg har aldri felt eit tre.
Skogen har vore eit fast omdreiingspunkt i familien min og gardsfolket i fleire hundre år. Han ligg lagleg til, byrjar 200 meter frå huset og går sørover over store delar av Huftarøy, den største og austlegaste øya i Austevoll kommune. Det går ein fylkesveg gjennom skogen, og dei som bur langs den, har automatisk fått tilnamnet «i skogen». Der bur Elin i skogen og Nils i skogen, og me som bur like ved, nyttar han på kvar vår måte.
Her plukkar bror min sopp, grunneigarane hentar ut ved og jakt- og fiskarlaget kjempar for fiskevatnet, som Austevoll vatn og avlaup no vil gjera om til drikkevatn. Sist eg snakka med onkel Kjell, hadde han nett fanga ein aure her, med berre nevane.
I denne skogen kunne ein finna Noregs største brake, eller einebærbusk, for dei som føretrekkjer å gå rundt slike, fram til han knakk for nokre år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.