Essay
Skuggesida
Var det Facebook som fekk meg til å svikte Edvin?
Dette er ein nekrolog, snart fire år etter gravferda. Men det er ikkje lenge sidan eg fekk vita at Edvin er død. Eg passerte huset hans og stussa over at det såg så nyoppussa ut. Så googla eg han og kom til ei minneside.
Når ingen har informert meg, kjem det nok av at få veit at eg kjende Edvin. Eg møtte han stort sett i stova hans, og i bilen hans når vi køyrde på utflukter. Dei siste åra vart det heilt slutt med treffa våre, og eg såg han berre på Facebook. Der delte han lenkjer og kom med kommentarar til norsk politikk. Det meste handla om innvandring, især om muslimar.
Då han etter kvart forsvann frå Facebook òg, var eg i grunnen glad til.
Ein liten ein
Det var eigentleg far min som kjende Edvin, dei hadde gått på skule i lag. Han budde berre nokre hundre meter unna oss, men eg hadde ingen kjennskap til han før eg var ti–elleve år gamal, då far fann det for godt å invitere han heim til oss på nyttårsaftan.
Ifylgje stemora mi, som elska å overdramatisere, var kvelden ein stor skandale. Då Edvin kom, var han nemleg full. Berre blid og snakkesalig, men heilt klårt full. Eg oppdaga snart at vi delte ei interesse for geografi: Han spurde meg ut om hovudstader i verda, eg slengde tilsvarande spørsmål attende. Eg likte han, om han no var aldri så full.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.