Kunnskap
Slakting
Før låg slakteria ofte inne i byane for å sikre folk lett tilgang til ferskt kjøt. No ligg dei store anlegga til kjøtindustrien på andre logistikk-knutepunkt, skjerma mot innsyn. Her frå storfeslakt hjå Fatland slakteri på Furuset i Oslo.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Slaktaren brukte skarp ammunisjon, og når skotet gjekk, måtte vi ungane halde oss på trygg avstand frå fjøsgangen der slaktinga skulle skje. Men så snart det small, sprang vi fram frå skjulestaden for å få med oss mest mogleg av haustens dramatiske høgdepunkt. Slaktinga av sau gjekk som regel roleg føre seg, medan avlivinga av julegrisen alltid var meir spennande.
Ein gris som blir skoten på rett måte, ramlar overende og får raskt kraftige krampar i heile kroppen. For å få ei god blodtapping må du stikke djupt og presist inn i dei store halsårane i brystet, og på ein gris som ligg på bakken, må det skje før dei kraftige byksa og sparka gjer det umogleg å treffe.
Far min brukte å kaste seg over framparten på grisen for å halde han nede og raskast mogleg få inn det dødbringande knivstikket, medan vi ungane gjorde best i å enno halde god avstand for ikkje å bli råka av dei kraftige sparka frå bakføtene.
Du skal slå i hel
Ordet slakt skal ha tysk opphav og tyder «å slå». Det er eit ganske logisk val av terminologi på ein aktivitet som handlar om å slå i hel og drepe eit medvite dyr. I norsk lovgiving skal også all slakting byrje med eit «slag», eller bedøving, og etter det skal blodet tappast av. Blodtappinga er naudsynt både for å sikre at dyret døyr og fordi blod som blir att i skrotten, vil seinke den ønska pH-reduksjonen i kjøtet og auke risikoen for oppvekst av skadelege bakteriar.
Inne på slakteria blir dei største dyra, som storfe og hest, bedøvde med eit skot i hjernen med boltepistol, medan småfe og gris kan bli bedøvde med straum. For slakting av kylling er det til dømes enno tillate å henge levande fuglar etter føtene og så slepe dei gjennom eit elektrisk vassbad, ein høgst tvilsam prosess som også produsentbedrifta Animalia sjølv meiner kan gje «noe stress for dyra».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.