Reportasje
Smelting i fjellet
HOVDEN: Slik jarnsmelting i fjern fortid gav liv til fjellbygdene, kan snøsmelting i nær framtid ta livet av dei same bygdene.
På ein pynt i Hartevatnet på Hovden ligg tusenårsstaden til Bykle kommune, ein skulptur med ein rustraud jarnklump.
Alle foto: Håvard Rem
Frå Røldal (400 moh.) går ferda mot Hovden (800 moh.), langt frå kysten. Kyst er fisk og ferdsle, fjellheimen er fallhøgd. Levande vatn kjem frå alle kantar no seinhaustes. Regn og innsjøar, fossar og stryk, bekkar og sjølvaste Otra. Her oppi fjellheimen møtest fire fylke: Rogaland og Hordaland, Telemark og Agder.
Agder-fjella
Agder, ja, som halvt sørlending er det dels der eg kjem frå, og Hovden ligg i Agder, men kjennest borte. Agder-namnet galdt opphavleg kysten. Ein egdsk fjellheim lydde som ei sjølvmotseiing. Men fjellstrok vart ikkje eigne fylke.
På rutebilstasjonen i Arendal stod ein snodig buss, med ein bakpart utan vindauge, eit digert lasterom til storfe og landbruksmaskinar. Der vindauga skulle ha vore, stod det Setesdal Bilruter, med L/L framanfor, lutlaget, AS. På Arendal gymnas var me uvitande om at Agderkysten berre tiår før var rekna til Vestlandet, og kystmålet til vestlandsk. Så me herma medelevar frå dei indre bygdene. Målet deira var annleis.
Stadnamna òg. Når ein ikkje lenger ser Skagerrak, får stadene namn som Mjåvatn og Hinnebu, Hynnekleiv og Lislevatn. Kring Evje kjem dyrenamna, Bjorland og Galteland, slik det på dodørene i Evje-kafeen ikkje står herrer og damer, men okse og kyr, med bilete av elg. Kring Hovden vert namna endå rarare: Sæsvatn og Lislefødd, Geiskelid og Glidbjørg.
Ein kar ventar på haldeplassen Glidbjørg for å få ein mystisk pakke, midt i øydemarka, men bak neste sving er me i ein fjellby, Hovden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.