Kunnskap
Smugling
Dette er det aller viktigaste du kan gjere når du skal ha deg hund: Besøk oppdrettaren og kontroller at alt er som det skal med mora og kvalpane.
Foto via Wikimedia Commons
Det er store pengar å tene på ulovleg sal av kjæledyr, samstundes er straffa for slik dyrekriminalitet svært låg samanlikna med til dømes narkotikaomsetning. Smugling av kjæledyr er difor blitt ei kjekk attåtnæring for dei som driv med annan organisert kriminalitet i Europa.
Dyreeigarar i land med høgt inntektsnivå, som Noreg og Sverige, er populære kundar for denne organiserte dyremishandlinga.
Kynisk
Det har lenge vore kjent at ville dyr blir fanga inn og smugla verda rundt, men det har vore mindre merksemd om ulovleg import og sal av vanlege familiedyr.
Under pandemien ville mange ha seg eit kjæledyr, etterspurnaden auka, særleg for dei mindre hunderasane, og det kom stadig fleire tilbod om kjøp av dyr på nettet. I jungelen av tilbod, frå Finn.no til freistande nettsider frå Sør-Korea, dukkar det også opp mange useriøse eller kriminelle aktørar. Og det ser ut til å vere skuffande enkelt å lure folk med bilete av søte hundekvalpar, eller med annonsar der folk blir oppmoda om å kjøpe og ta vare på eigarlause dyr.
Mange av dei ulovleg importerte kvalpane kjem frå såkalla kvalpefabrikkar i Aust-Europa, som i Polen og Russland. Forretningsmodellen er like enkel som han er kynisk. Tispene blir stengde inne i tronge og skitne bur og para så ofte som mogleg for å få maksimal produksjon av kvalpar. Kvalpar er små og lette å ta med i bagasjen, og dei blir ofte frakta over landegrensene under svært dårlege forhold, med stor fare for å døy under transporten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.