Reportasje

Snaps ved reisas slutt

Eg er komen til Mikkeli og skal forstå meg på ringselar, opera og krig og sånn.

På ein steinholme ligg borga Olavinlinna, eller Sankt Olofsborg, kalla opp etter Olav den heilage. I borggarden fekk eg i juli 1983 oppleve min første opera, Tryllefløyta. Det var ei openberring, og opera har sidan vore ein pasjon.
På ein steinholme ligg borga Olavinlinna, eller Sankt Olofsborg, kalla opp etter Olav den heilage. I borggarden fekk eg i juli 1983 oppleve min første opera, Tryllefløyta. Det var ei openberring, og opera har sidan vore ein pasjon.
Publisert

Frukosten på Scandic Mikkeli er identisk med frukosten på Scandic Atlas i Kuopio, som var identisk med frukosten i Jyväskylä, som igjen var identisk med frukosten i Turku. Eg har no budd på fire hotell i Scandic-kjeda, og det er ikkje heilt tilfeldig.

Det var i Jyväskylä resepsjonisten – ho som var frå Lahti og lærte meg det lengste ordet på finsk – lurte på om eg ikkje ville bli Scandic-friend, og eg tenkte: Kvifor ikkje?

Så no samlar eg bonuspoeng og har alt fått over fire tusen. Kva dei er verde, anar eg ikkje, sikkert ingenting. Like før avreisa til Finland løyste eg inn 58.320 poeng i SAS – eg var redd flyselskapet skulle gå konkurs mens eg var på reise – og for dei fekk eg to sengesett og eit solbrillepar. Ja, dei brillene eg brukar no.

Men tilbake til frukosten – alltid det same, det same kjøtpålegget, kycklingskivor og rökt skinka, dei same ostane, den same sennepssilda, dei same bagettane, rundstykka, rugbrødet og pirogen, og det same skvipet av såkalla appelsinjuice. Det er syntetisk saft, og ei fornærming mot all verdas sitrusfrukter.

Den einaste skilnaden er korleis dei skjer leverposteien. I Turku var han skoren i terningar, i Kuopio i skiver, og her er han ikkje oppskoren i det heile. Ein annan observasjon er av jentene som ryddar borda i frukostsalane. Dei har alle tatoveringar og piercinger, i øyra, sjølvsagt, men nokre har òg i nase, kinn eller lepper.

Dei fleste gutane har det same, og mange av dei er dristige når det gjeld hår. Jentene her verkar glade i å farge håret. I Kuopio såg resepsjonisten ut som om ho hadde rømt ut av eit japansk teikneserieblad, tungt sminka, tjukkmåla augebryn, og det grøne og oransje håret var samla i to fletter, men sidan ho lest som ingenting, lest eg òg som ingenting, og vi snakka saman som to heilt vanlege menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement