Reportasje
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
«Ligg du her så seint?» Den svære purka på godt over 200 kg ligg tretti meter frå grisehytta og berre gryntar tilbake. Eg klør henne på ryggen. «No må du gå inn til ungane dine. Det er seine kvelden.» Men ho rikkar seg ikkje.
Ho er godt kjend på stølen. I fjor var ho her som grisunge saman med bror sin. Dei kom opp her rett etter at dei var tekne frå mora, og vog knappe 15 kilo. Det var litt av ein overgang frå det trygge gardslivet til stølslivet, der nye, spanande og farlege ting skulle utforskast kvar dag. Men det gjekk strålande, og dei to vart dei mildaste grisene vi har hatt på stølen nokon gong. Var det sol og varmt, likte dei helst å liggja i skuggen i nærleiken av selet. Og var eg ute og arbeidde, fylgde dei etter meg same kvar eg gjekk.
Då dei kom ned att til heimegarden på seinsommaren, sjarmerte dei Hilde og Lars, gardsfolket på Selheim. Særleg Per – ja, purka heitte Per som grisunge. Når Lars var ute og såg etter dei på den store hegna opp mot skogen, kom ho springande, la seg på sida og ville verta klødd. Ho var nok bortskjemd.
I november var ho 100 kilo og slakteklar, men Hilde hadde late seg sjarmera. «Ho må få leva. Eg får meg ikkje til å slakta henne.» Og slik gjekk det. I februar vart ho inseminert, og tidleg i juni grisa ho.
Ho fekk berre tre ungar, og det er reine tapet for grisebonden. Vanlegvis får ei purke 12–14 ungar. Men ho hadde mjølk til fleire og fekk fire adoptivungar, og enda med å dia sju. Å flytta grisungar mellom purker er vanleg. Som oftast går det greitt om ein gjer det innan tre dagar etter grisinga. Om purka ikkje vil ha dei nye ungane, er eit godt, gamalt triks å gje henne ein god liter vin. Då roar ho seg, slik at adoptivungane slepp til og vert godtekne.
«Vil du ha med deg purka til støls», spurde Lars meg. «Ho fekk for få ungar, dessutan er dei bakarste spenane øydelagde, så ho skal slaktast i slutten av august.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.