Historie

¿ Sol og stål

Undset lar seg blende av Japan. Tyskland, derimot, er fullt av mørkredde skogstroll.

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

«Til slutt grydde den dagen da vi skulle si farvel til Sovjetparadiset», skriv Undset ironisk. I «regnhullet» Vladivostok er det berre éin ting som imponerer Undset, og det er ei rekkje av gummitre som er dei mest praktfulle ho har sett. Ho og sonen Hans går om bord i det japanske dampskipet «Harbin Maru», og frå no av er det lite som ikkje imponerer henne. Alt er blankt og fint, sengene er reine og perfekt reidde, baderomma er flislagde, og tilgangen på kokande varmt vatn er grenselaus. I matsalen er det fersk frukt på bordet og dukane er like kvite som uniformene til byssegutane.

«Harbin Maru» legg først til kai i Rashin (Rajin) i dagens Nord-Korea. Frå båten ser Undset kor ordentleg, og ulikt Sovjet-Russland, alt er. Store nye kaianlegg av kvit stein og sement, digre varehus så skinande fine. I Europa hadde Undset aldri sett ei hamn som var så pussa og rein som denne. Yndige damer går rundt med papirparasoll og i sommarkimono av godt stoff, alltid vald ut med den mest raffinerte sans for fargesamansetnad. Dei har nydelege smil og bøyer seg djupt når dei helser på kvarandre. Mannfolka er nesten like elegante.

Japanarane hadde okkupert Korea sidan 1910 og gjort koreanarane til trælar i eige land. Dei fór fram på hardare vis enn tyskarane gjorde i det okkuperte Noreg. Koreansk språk og tradisjonell kultur blei forbodne. Folk blei tvinga til å ta japanske namn og måtte tilbe den «guddommelege» japanske keisaren. Unge kvinner blei røva og haldne som sexslavar, menn blei sette til tvangsarbeid i japanske fabrikkar. Det japanske herrefolket var så omsynslause at det enno i dag er opne sår mellom Japan og Korea. At Nord-Korea er ein stat i dag, har med den japanske okkupasjonen å gjere.

Undset, som hadde så god nase for autoritære regime, som hata kommunisme og fascisme, mistar luktesansen i Japan. Problemet er ikkje at ho manglar kunnskap. Ho har høyrt uhyggelege historier om kva Japan dreiv med i Korea – sist av ein svensk ingeniør i reisefølgjet på båten. Ho veit at Japan er eit aggressivt, krigførande land. Men ho unnskyldar det langt på veg og vil gjerne tru at det ikkje er det japanske folket si skuld. Det er «kanskje en klikk bare som bærer ansvaret for erobringspolitikken og krigen i Kina, for Japansk imperialisme og kyniske krav på herredømme over folkeslagene i Øst-Asia».

At ho skriv slikt i Tilbake til fremtiden, som kjem ut i USA etter angrepet på Pearl Harbor, når Japan er Nazi-Tysklands nære allierte i kampen om verdsherredømme, er litt merkeleg. Omtrent då ho skreiv ferdig boka blei «Harbin Maru» torpedert av den amerikanske ubåten USS «Stingray» i Indokina (10. januar 1942).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement