Reportasje

Sommarfugl i vinland

Kan tre feriedagar i eit idyllisk vindistrikt gjera meg til ein vinentusiast?

Omvend butikkstruktur av heime. Her er tett mellom vinbutikkar, men berre éin daglegvarebutikk.
Omvend butikkstruktur av heime. Her er tett mellom vinbutikkar, men berre éin daglegvarebutikk.
Publisert

Sjå på flamma, seier Véronique og held vinglaset nesten horisontalt nokre centimeter over den kvite servietten på bordet.

Lyset frå taket skin gjennom vinen frå 2017, det formar seg ei raud flamme på servietten.

– Ser du kor lys og skarp raudfargen er? Dess eldre vinen er, dess brunare er flamma, seier ho.

Klokka er litt over ti, og eg er på vingardsbesøk, med vinsmaking, hos Château Franc Mayne, ein grand cru classé-produsent i Saint-Émilion, aust i vindistriktet Bordeaux.

Ute er det alt over 30 grader, men her, i ei grotte under vinrankene, er det kjølig, rundt tolv grader. Mykje av Saint-Émilion heng saman i grotter i fjellet, både naturlege og utgravne. På det meste er det seks etasjar med gangar på kryss og tvers. Kalksteinen herfrå har i over tusen år vorte nytta som byggjemateriale i regionen. Store delar av Bordeaux er bygd på kalkstein frå Saint-Émilion.

– Desse grottene har vore trygge gøymestadar for både menneske og verdisaker under diverse krigar, seier Véronique.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement