Reportasje

¿ Songar av ei præriejente

PRÆRIEN: Då den nasjonale kringkastinga tinga ein song til Canadas 100-årsmarkering i 1967, vart det sjølvsagt ein togsong.

Utsyn frå observasjonsdekket ved Bradwell, ein landsby fem mil aust for Saskatoon.
Utsyn frå observasjonsdekket ved Bradwell, ein landsby fem mil aust for Saskatoon.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Ved solnedgang den andre dagen stoggar me ein time i Edmonton (668 moh.), på veg ned frå fjellheimen, inn mot den endelause kanadiske prærien, kornkammeret som dei kallar brødkorga.

Skjenesongen

Det eg tidleg merka meg med dette landet, var at så mange av songpoetane eg set høgst, kjem herfrå: Joni Mitchell, Neil Young, Buffy Sainte-Marie og Leonard Cohen. Men har det noko å gjera i ei jarnbanesak?

Songar kan vera ljodspor til ei togferd. Gjennom Australia fór eg i spora til Henry Lawson, nasjonalskalden med far frå Arendal og eit liv på stader attmed ruta ­frå Perth til Sydney. Indian Pacific driv eigen radio om bord, med balladane og novellene hans som ein del av sendinga.

Dei fire nemnde kanadiske songpoetane ­– går toget i heimtraktene til nokon av dei? Det er ikkje sjølvsagt, skjenegangen er berre ei tynn line gjennom eit enormt land, verdas nest største i flatemål. Men jau, det syner seg at dei i oppvekst og ungdom har budd attmed jarnbanen, alle fire: Joni Mitchell i Saskatoon, Neil Young i Winnipeg, Buffy Sainte-Marie i Toronto og Leonard Cohen i Montreal. Men det er lenge sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement