Sport
Sport før og no: 3D-mambo
Til mi glede ligg sendingane frå 1994 ute på NRK TV. Høgdepunktet er ein lettare erotisk 3D-mambo i bikini.
Pass deg for sitronen! Han kjem ut av fjernsynet.
Skjermdump frå NRK TV
Den førre TV-kampen eg såg, vart vist i 4K. Noko som betyr at skjermen har fire gonger så mange pikslar som ein tradisjonell HD-TV. Igjen betyr dette at bildet blir meir levande og detaljert.
Pikslane fekk meg til å tenke på 3D-brillene som ein kunne få kjøpt i dyre dommar under OL i 1994. Nokre var så heldige å få brillene utdelt gratis på jobben, men hos oss var brillene i mindretal. Då sendinga starta, var det om å gjere og kare til seg eit par.
Men kva var det eigentleg som skulle skje gjennom brillene? Bjørn Dæhlie såg jo akkurat lik ut utan 3D-effekt. Brillene skulle visst brukast i pausane, mellom aktivitetane. Eg hugsar det som eit slags mønster på skjermen, det skulle sjå ut som helleristingar kom mot oss.
Til mi glede ligg sendingane frå 1994 ute på NRK TV, og her finst mykje meir spenstig materiale enn både Dæhlie og helleristingar. Høgdepunktet er ein lettare erotisk 3D-mambo i bikini. Rundt dei dansande kjem det druer og andre tropiske frukter flygande gjennom linsa.
Ny teknologi i sport er stort sett kjekt. Dei raude og kvite magnetane som trenaren hadde, og har, på taktikktavla i garderoben, byrja i alle fall ikkje å engasjere meg før eg var konfirmant. Då er det noko ganske anna å høyre Erik Thorstvedt snakke oss gjennom fyrste omgang, mens dei digitale pilene teiknar trekantar og offsidepiler på skjermen – så enkelt at til og med barn kan forstå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.