Sport
Skøyteutstyret
Hjalmar Andersen ser i alle fall god og varm ut her.
Foto: Børretzen / Storløkken / Aktuell / NTB
Frå Hjallis’ beste 10.000-meter i 1949 til Håvard Bøkkos noregsrekord på same lengd i dag har tida gått ned nærare tre og eit halvt minutt. Det er sjølvsagt ikkje berre utstyret som er avgjerande her, men nokre sekund er det nok likevel å hente på vegen frå ull til nylon.
For på biletet ser vi Hjallis kledd i eit lite aerodynamisk skøyteantrekk, eit forseggjort blått ullsett. I tillegg til at ullstoffet er tjukt, er ikkje kleda tettsitjande. Lua sit høgt på hovudet, og hanskane er store som vottar. Skøytene Hjallis har på seg, er ikkje klapp, det vil seie at heile jernet sit fast i skoen. På klappskøytene, som kom i 1990-åra, heng bare fremre del av jernet fast. Ein større del av jernet er lenger i kontakt med isen, og slik blir fråsparket meir effektivt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.