Sport

Stram deg opp

Slik ser «Dårlig holdning på forskjellig måte» ut. Utdrag frå boka Helse og hygiene ugitt i 1938.
Slik ser «Dårlig holdning på forskjellig måte» ut. Utdrag frå boka Helse og hygiene ugitt i 1938.
Publisert

Ei venninne fortalde meg nyss at ho hadde hamna i krangel med tenåringsdottera. Ho hadde bedd dottera stramme seg opp. Tenåringar med kroppshaldningar som sakkosekkar er av ein eller anna grunn svært irriterande. Vaksen eller ung, ei slapp haldning gjer noko med fyrsteinntrykket, og diverre går nok tankerekka meir i retning potetgull og Play Station enn struktur og effektivitet.

Og sjølvsagt var dei endå strengare før, både moralsk og medisinsk. Fram til om lag 1960-talet var dårleg haldning knytt til fysiske plager, og haldningskorrigering, slik som på biletet til venstre, var ikkje uvanleg.

Ein fysioterapeut fortalde meg at det ikkje nødvendigvis er slik at ein krumma nakke betyr smerter. Vi veit at det finst menneske med dei raraste kroppsfasongar, krumme ryggar og armar og bein i alle vinklar, som slettes ikkje er plaga. Akkurat kroppshaldning er difor ikkje noko dei bruker mykje tid på i studieløpet.

Ein viss samanheng mellom korleis kroppen ser ut og korleis ein kjenner seg, er det likevel. Har ein eit nakkeproblem, og hovudet nærast ligg under armen, så speler sjølvsagt haldninga inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement