Reportasje
Sportsvask i bakgarden
ISTANBUL: Kvifor får ikkje Tyrkia sola seg i glansen av eit OL eller EM? Er landet verre enn Kina, Russland og Qatar? Og kvifor er president Erdogan så lite synleg i valkampen?
Reklame for armbandsur i Istanbul internasjonale lufthamn.
Alle foto: Håvard Rem
Byen er den same gamle – 2700 år, sju år eldre enn då eg var her sist. Største synlege skilnad er at president Recep Tayyip Erdogan no ikkje er å sjå overalt.
Men sist var omstenda spesielle. I juli 2016 var Europas største by i unnatakstilstand under og etter den påståtte kuppfreistnaden der meir enn 300 menneske vart drepne og fleire tusen skadde. Det låg ei uhyggje over livlege Istanbul, Konstantinopel, Miklagard, Bysants.
Diskret president
Aggressive, regimetru demonstrantar fylte Taksim-plassen og hovudgata Istiklal, medan leiarbanner og raude nasjonsflagg dekte offentlege bygg, som i Garmisch-Partenkirchen under vinterleikane i 1936 og i Berlin under sumarleikane seinare same år, då nasjonalsosialistane sette verdsrekord i sportsvasking. Istanbul var like raud, med halvmåne og stjerne i staden for hakekross.
Faktisk var Hitler å sjå, han òg, for Mein Kampf var nett falle i det fri, 70 år etter at forfattaren døydde, og forlag fylte somme bokhandelvindauge med nyutgåver på tyrkisk. Som i Beirut sel dei religiøse bokhandlarane Koranen og Mein Kampf, medan dei litterære sel dikt og romanar – som norske Min kamp. Metropolane i Midtausten er splitta.
Menneska òg. Ikkje minst i Istanbul – millionbyen som er delt mellom to kontinent. Sundag 14. mai held Tyrkia eit uvanleg viktig president- og parlamentsval.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.