Språkpolitikar og separatist
Språkpolitiske spørsmål var viktige for norsk separatisme på 1800-talet. Overraskande nok var dei viktige alt kring 1720 òg, for nordlendingen og «landsforrædaren» Povel Juel.
Tresnitt frå viseprentet «En Angergifven Synder ved Nafn Povel Juel», prenta i København i 1723 i samband med halshogginga. I bakgrunnen ser ein hovud og høgrehand sette på stake.
Førre fredag forlét me nordlendingen Povel Juel i Strøget i København, for 300 år sidan, om morgonen måndag 8. mars 1723, undervegs til halshogging på Kongens Nytorv, dømd for majestetsbrotsverk. Domen gjaldt separatistiske planar for Danmarks oversjøiske område i nord: Grønland, Island, Færøyane og Noreg.
Det danske koloniveldet voks og var i ferd med å skaffa seg oversjøiske område i vest òg: St. Thomas, St. John og St. Croix i Karibia.
Domen i ettertida
Var Povel Juel ein landsforrædar, ein norsk separatist, mange år før si tid? At han vart dømd for det, har prega vurderingane av han i ettertid. Den forræderidømde har gjerne vore vurdert som forrædarsk av natur. På Wikipedia kan ein framleis lesa at breva hans til kongen var «innsmigrende» og «innsmiskende» – som om andre brev til einevaldskongane ikkje var det.
Han vert omtala som eigenrådig. Det var mange futar, Juel truleg meir enn andre. I 1713 vart han suspendert som amtmann på Sørlandet, så kom han attende i 1715, før han fekk endeleg avskil i 1718.
Same kva – det var ikkje påstått karakterbrest som kosta han hovudet, men skuldingar om forræderi. Var det hald i dei?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.