Kunnskap
Stivkrampe er ein mystisk og uhyggeleg bakteriesjukdom som har følgt menneska og husdyra våre i mange tusen år.
Hos menneske er opistotonus, eller kraftige kramper i ryggmusklane, eit klassisk symptom på effekten av gifta frå stivkrampebakterien.
Foto via Wikimedia Commons / utsnitt frå måleriet til Sir Charles Bell
Med moderne vaksinar og medisinar til både husdyr og menneske er sjukdommen snart utrydda i vår del av verda, men han er enno eit helseproblem i delar av Asia og i Afrika sør for Sahara.
Av husdyra er det særleg hestar som er sårbare for stivkrampesmitte. Eit vanleg symptom er kraftige kramper i kjevemuskulaturen, noko som har gjeve sjukdomen det engelske namnet lockjaw (kjevelås). Hos hest er det også vanleg med framfall av det tredje augelokket, stive øyre og utståande hale, og dyra kan bli ståande nesten paralyserte med stive føter, som ein gyngehest (det som blir kalla markvide føter). Men krampene vil som regel spreie seg til heile kroppen, og utan behandling vil tilstanden vare i dagar eller veker, ofte med dauden som endestasjon.
Hippokrates (460–377 f.Kr.), også kjend som legekunstens far, skreiv om korleis folk som fekk djupe sår ein eller annan stad på kroppen, seinare kunne døy av smertefulle kramper. Hans råd om å gje pasientane sterk vin og pakke dei inn i klede dynka med olje for at dei skulle sveitte ut sotta, hadde nok liten effekt. Verre blei det i Europa to tusen år seinare, då legane kunne finne på å smørje inn den uheldige sjuke med avføring frå husdyr.
Skiten
Men kvakksalvarane i mellomalderen var inne på noko når dei kopla stivkrampe med husdyrskit. Stivkrampebakterien (Clostridium tetani) er ein av fleire bakteriar av slekta Clostridium, bakteriar som held til inne i tarmane til dyr og menneske. Der er dei tilpassa eit varmt og trygt liv, utan tilgang på oksygen, men når dei kjem ut i luft med avføringa, kan dei danne hardføre sporar som kan overleve i miljøet i årevis.
Smitten spreier seg ikkje vidare frå sjuke til friske dyr, farleg blir det først når sår blir ureina med bakteriesporar frå miljøet, og når desse sporane blir poda så langt inn i kroppen at dei kjem seg unna det farlege oksygenet og kan byrje å formeire seg inne i vevet. Symptoma kan kome alt etter nokre timar eller ein månad seinare, men kjem vanlegvis etter ei vekes tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.