Stølsdrift på liv og død

Geitebukken ligg livlaus i tilhengjaren. Eg ristar i han, men det er ingen teikn til liv. Aasen ligg med augo opne og er stein daud.

Symra sleikjer kalven. Vårsøg har lagt seg, og Fjellros står nærast som om ho vaktar den nyfødde.
Symra sleikjer kalven. Vårsøg har lagt seg, og Fjellros står nærast som om ho vaktar den nyfødde.
Publisert

Glad og nøgd forlét eg Sunnfjord og fjordlandskapet til Jakob Sande. Dei fire Dag og Tid-geitene Aasen, Blix, Indrebø og Bolette har vore i Holmedal hjå Siri Helle i vinter. Der har dei gått med fri tilgang til eit beite, ein skog – og høy når det røynde på med mat. No skal dei tilbake til Dag og Tid-stølen for sommaren.

Eg stogga for å sjå etter dei like før eg kom ut på E39. Då låg alle fint inntil framveggen på tilhengjaren. Geitebukken Aasen var kvikk som vanleg, reiste seg og snusa på handa mi. Men no, femten minutt seinare, når eg er komen til Vadheim og Sognefjorden og har stogga for å kjøpa meg ein is i det fine vêret, er han daud. Eg vert trist og nedtrykt.

Dei tre andre geitene står rolege og ser på kadaveret som ligg der. Det er tydeleg at dei skjønar at noko er gale. Eg finn ingen merke etter skade av noko slag. Han er enno varm og må ha døydd for berre nokre minutt sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement