Storstuten kjem

Plutseleg er det så mange elgar rundt oss at Jeanette må kaste seg bak ein stein.

Det går kjappare å flå stuten med traktorkraft.
Det går kjappare å flå stuten med traktorkraft.
Publisert

Storstuten er på veg mot postlina, sist sett i retning mot Mørktjørn og Holmtjørn, ikkje langt frå der eg sit. Eg har duppa litt i solsteiken, men no er eg lys vaken. Rifla er ladd, og eg legg skjeftet varleg opp mot skuldra. Me kjenner ikkje tempoet hans, for han har ikkje bikkje i hælane. Kanskje tar han det med sjølvsikker ro, verdig og kongeleg, der han no truleg banar seg over den siste heia, forbi hundrevis av tre, over stein, mose og kantarellar, framover, framover, framover i si mållause og evige vandring. Mållaust liv har òg ei meining. Men det varar ikkje evig.

Planen er at storstuten skal dukke opp gjennom krattet framfor meg, der det går eit gamalt elgtråkk. Da blir det meg mot stuten. Menneske mot dyr. Litteraturen er full av desse kampane. Kaptein Ahab som blir besett av den kvite spermkvalen Moby Dick. Santiago, den gamle mannen på havet ved Cuba, som etter 84 fiskelause dagar kjempar i mange timar mot ein enorm sverdfisk. Menn mot kvithai i romanen bak Haisommer, dei tre bøndene Bred, Bisk og Bønne med spadar, gevær og gravemaskiner mot den fantastiske Mikkel Rev.

Her heime har me Trollelgen av Mikkjel Fønhus, med den særs seige meisterjegeren Gaupa i ei årelang jakt etter den eventyrlege elgen han sjølv har skote mora til. Trollelgen nektar å døy, og det toppar seg da jegeren kastar seg over ryggen til dyret, i ein tvikamp som norske skogar aldri har sett maken til:

«Nede på en myr, østafor Taterkjenn, hogger en elgokse seg tungt framover i skaren. Den prøver å bykse, men får det ikke til; den søkker igjennom, liksom faller litt for hvert steg, og det ser ut som den er blitt merkelig lavbeint. Men på ryggen av elgen henger en kar. (...) Nå er trollelgen og jegeren begge dyr, det ene født og fostret av skogen, det annet et menneske som skogen har gjort til dyr igjen. Skrevs over elgen henger Gaupa, og mellom beina kjenner han den magre, kvasse elgryggen. Han får nesen full av en egen viltlukt, og han syper den inn og beruses av den som et rovdyr. Med hendene har han hogd tak i manken, og den ene neven holder kniven.»

Far min var sjølv besett av ein elg i nittiåra. Det var ein sekstentakkar, den klart største som er sett i skogen vår. Fleire gonger var far og meisterbikkja vår tett på trollelgen, men kvar gong lurte han seg unna. Det gjekk ikkje ein jaktkveld utan at far snakka om denne elgen, og ikkje ei natt utan at han drøymde om han. «Trollelgen» gjekk sigrande ut av feiden. Me veit ikkje kor han blei av. I dag er han truleg vandra til dei evige jaktmarker. Ingen triveleg stad å hamne for ein elg.

Tamme elgar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement