Essay

Støvsugar på hjernen

I gangen står ei stor, brun øskje. Eg har, etter å ha saumfart marknaden og utsett det lenge, kjøpt meg ny støvsugar.

Publisert Sist oppdatert

Den gamle støvsugaren har vore skrantande i... huff, faktisk i fleire år. Det er ein vanleg elektrisk støvsugar med støvsugarpose og leidning som eg dreg etter meg rundt i huset. Merket er Miele, det einaste som fungerer i lengda, ifylgje mor mi.

På handtaket er det nokre knappar, såkalla fjernbetening, der eg har kunna velja styrken på suginga. I utgangspunktet praktisk, men handtaket er knekt og har ikkje fungert på lenge.

For å få han på må eg presse power-knappen inn på ein eigen, hard måte. Ein må ha teken. Som regel sparkar eg han på med eine foten. Det siste året har støvsugaren berre verka på full guffe, ved at eg trykkjer inn reset-knappen. Anten syg han på 2000 watt, eller så er han daud.

Men han verkar, det er jo trass alt Miele, og det gjer at eg ikkje har skifta han ut.

Det var ikkje som då vaskemaskina, den som fylgde huset, vaska det siste handkledet sitt før eg måtte kasta inn både handkledet og maskina. Eg trong ei ny på dagen. Eg kunne ikkje byrja å sjå etter nye maskiner då, samanlikna prisar frå kjedene på fastlandet og bestilla ei på kampanje som kunne koma om to veker. Eg laut kjøpa den dei hadde tilgjengeleg på den næraste elektronikkbutikken, be dei køyra henne heim til meg og ta den gamle med igjen. Det er ei Bosch-maskin, og ikkje den eg hadde gått for hadde eg hatt valet mellom fleire, til dømes ei frå Miele.

Den fyrste støvsugaren eg kjende til, var den me hadde i barndomsheimen min, bygd i 1987. Der var det, og er framleis, sentralstøvsugar. Dette har eg alltid vore litt kry av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement