Essay

Streken på kartet

Med eit byråkratisk pennestrok kan eg missa heimen min for ein ny veg.

Publisert Sist oppdatert

Eg har ein vond klump av uro i magen. Austevoll kommune vil knyta seg til Hordfast, men det er ikkje berre det. Konsulentbyrået Sweco har på oppdrag frå Vestland fylkeskommune teikna inn ein ny fylkesveg rett utanfor stova mi og meiner dette er beste løysinga for ei tilknyting til Hordfast.

Frå stovevindauget ser eg den vesle innmarka der sauane til onkel Kjell beitar, og skogen nedover til Haukanespollen. Sjølve pollen er rundt 150 meter brei. Då bestefar i ungdommen skulle besøkja bestemor, sumde han over med kleda på hovudet, gjekk i land på andre sida, kledde på seg og heldt fram i retning Lundøy.

Når eg ser frå stova og ut, ser eg på det same som slekta mi har gjort i nær 300 år.

Tipptipptipptipptippolderfar min – fem tippar – Iver Nielsen Houchenes (1723-1807) var den fyrste i slekta som busette seg her. Etterkomarane heitte Nils Iversen og Iver Nielsen annankvar gong fram til bestefar min, Nils Sigurd (fødd 1919), som vart heitande Sigurd heile livet, sikkert på grunn av inflasjonen i Nils-namnet. Borna mine, Sigurd og Jon, er tiande generasjon som bur nettopp her, på Haukanes i Austevoll kommune.

Ein kombinasjon av aldrande besteforeldre og eit vikariat i lokalavisa gjorde at eg flytta hit i 2009. Å vera tidleg i 20-åra og bu tett på to 90-åringar døgnet rundt, er det mest sjølvrealiserande eg har gjort. Det burde vore noko rådgjevarar på vidaregåande skular hadde på lista over moglegheiter for vegen vidare. I tillegg til folkehøgskular og ex.phil. på Bali kunne dei føreslått eit år saman med eldre slektningar.

Austevoll hadde inntil dess vore ein stad eg kom til i feriar og helger, eg hadde aldri budd her fast. Av alle dei ti generasjonane er eg den einaste som ikkje er oppvaksen her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement