Essay
Suvenirar frå dødsona
GRENSELAND: I fjor haust skal FN ha fått eit ultimatum frå nordkypriotane: Anerkjenn oss, eller forlat øya.
Nord-Kypros har opna Varosha for ein slags katastrofeturisme. På dagtid kan ein bytelåne ein sykkel mot eit pass ved porten og sykle gjennom det som ein gong var, før Kypros blei splitta.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
«Gjestfridommen vår har sine grenser: Enten så signerer dei ei militæravtale med Den tyrkiske republikken i Nord-Kypros, eller så drar dei», skal den tyrkisk-kypriotiske utanriksministeren ha sagt om FN i oktober i fjor, ifølge Hürriyet og andre tyrkiske aviser. «Vi gir det ein månad. Det er ikkje den gresk-kypriotiske regjeringa som skal godkjenne FN-oppdraget i nord. Det er vi.» Tidsfristen for det påståtte ultimatumet hadde gått ut, men det var umogleg å finne nyhendesaker som følgde det opp. Ikkje før eg omsider møtte styrkesjefen i den fredsbevarande FN-styrken på Kypros, generalmajor Ingrid Gjerde, fann eg nokon som i det minste kjende saka eg viste til. Ho sa at det ikkje stemde heilt, det med tidsfristen, at det hadde vore ei slags misforståing, men at det var sant at nordkypriotane hadde gitt uttrykk for at noko måtte skje.
Nesten samstundes som eg vitja FN-basen inne i buffersona, den såkalla dødsona mellom sør og nord, stod leiaren av FN-styrken på Kypros, Colin Stewart, framfor Tryggingsrådet i New York og sa: «Eg er ekstremt uroa for at sjansen for ei semje, altså ei oppskrift på ei ny samanslåing av øya som er akseptabel for båe sider, er i ferd med å svinne og snart ikkje vil vere tilgjengeleg lenger.» Også president i EU-parlamentet Roberta Metsola prata i Kypros-forumet. Ho sa at Europa ikkje kan bli heilt så lenge Kypros er splitta. Ho meinte at den einaste vegen framover er å få på plass ein eins og suveren europeisk stat, i tråd med Tryggingsrådets resolusjonar. Men Ersin Tatar, «presidenten» på Nord-Kypros, vil forståeleg nok ha ei tostatsløysing, for det er vanskeleg å sjå for seg at ikkje ei ny samanslåing av øya vil svekke interessene til minoriteten i nord. Får ein ikkje ein tostatsløysing, har ikkje Den tyrkiske republikken på Nord-Kypros (TRNC) anna val enn å knytte seg nærare Tyrkia, seier Tatar, og det er vel korkje i USAs eller EUs interesse? Ei tostatsløysing kjem ikkje på tale, seier «Vesten». Det ville bli som å seie til andre ekspansjonistiske statar at det berre er å okkupere eit land lenge nok, så blir det omsider ditt, og då kan du gjere som du vil med det.
Det finst ein sterk sekulær opposisjon i Nord-Kypros, mot den konservative og Tyrkia-orienterte regjeringa til Tatar, som ikkje nødvendigvis vil ha tostatsløysing. Dei er tyrkisk-kypriotar som for all del ikkje vil at Nord-Kypros skal bli meir tyrkisk. Medan eg var i FN-leiren, arrangerte dei demonstrasjonar i Famagusta, ikkje langt frå Othello-tårnet, som ein reaksjon på at den øvste religiøse leiaren i TRNC hadde gått ut og sagt at når ein mann vil ligge med kona si, har ho alltid ei plikt til å gi han det han vil ha. Dagen etter demonstrasjonen åt eg pistasjis utanfor den største mellomalderbygningen i byen, vis-a-vis Othello-tårnet. Eg såg på hola etter skulpturane som hadde blitt hakka bort då bygningen bytte namn frå Sankt-Nicholas-katedralen til Lala Mustafa Pasha-moskeen. Eg dekte håret og gjekk inn, og tenkte at nettopp dette er greia med arkitekturhistorie rundt Middelhavet: Overalt ser ein korleis bygningar med eit lett byte av teiknsystem skiftar funksjon, idet dei skifter hender mellom førkristeleg, kristeleg, islamsk, militært og sekulært, på eit vis som får historier om stormakters framvekst og fall til å sjå meir ut som ein runddans enn ei rett linje frå ei fortid mot ei framtid.
Det er ikkje krig, men det er ikkje heilt fred heller, på denne øya som i enkelte sirklar blir kalla «diplomatgravplassen». Her har periodevis vore ekte von om snarleg forsoning, mellom anna i åra før den såkalla Annan-avtalen blei avvist av gresk-kypriotane i 2004 – noko som for alltid vil gi nordkypriotane eit godt poeng når dei seier at det ikkje er dei som har vore det største problemet. Nytt håp blomstra igjen, fram mot 2017, då Espen Barth Eide leia forhandlingane som skulle kollapse på eit møte i fjella over Genève. Det var første feilen, slik eg ser det. Dei burde vite betre enn å legge fredsforhandlingar til fjellheimar i Sveits. Alle veit at Alpane er ein plass for samanbrot. Den europeiske litterære kanonen er ei kavalkade av sjuke og nevrotiske folk som surrar det til for seg der oppe i den tynne lufta.
Tidlegare same veke, før Famagusta og skjelpadda, etter Elefteria og Dmitryane og appelsinen i Persefonis-gata, hadde eg rusla opp gågata frå gjestehuset i Nicosia – Europas siste splitta hovudstad – med kofferten på slep, forbi tavernabord dekte med gyros, frappe og mastika, til grenseovergangen. Der viste eg først passet mitt til ei gresk-kypriotisk kvinne, før eg gjekk om lag tjue meter til ein ny grensekontroll og viste passet til ei tyrkisk-kypriotisk kvinne. Det kjendest overraskande absurd å krysse denne grensa – ei grense eg hadde blitt fortalt ikkje var ei ekte landegrense – til fots, gjennom det som blir kalla buffersona, den grøne linja, eller dødsona. Ute på andre sida var det verkeleg ei anna verd, ei påtakeleg mykje kulare ei. Her lukta kaffien og maten sterkare, meir grumsete, og mannfolka såg ut som murvegger, i skarp kontrast til dei anstendige småtassane på andre sida. Dette tenkte eg, vel vitande om at eg i hovudet no bevegde meg farleg nær ein slags gamaldags seksualisert orientalisme. Men ber over med meg, sa eg til meg sjølv, eg har eit poeng, trur eg. Ein gong hadde eg lufta ein teori om at det finst eit gresk kulturelt mindreverdskompleks i møte med det tyrkiske, for ei gruppe mektige grekarar og hellasdyrkarar. Eg sa: «Er ikkje dette det store tabuet: At grekarar eigentleg ikkje føler seg som arvtakarar av dei gamle grekarane, og ser med sjalusi over på Istanbul, der den moderne kulturen ber si eiga historie med ei meir elegant sjølvfølge, utan at alt er fabla til via vesteuropeiske auge og fantasiar om naken kvit marmor og folk i toga?» Teorien blei avvist med eit så forpint agg at eg følte eg var inne på noko.
Likevel hadde eg ikkje venta at skiljet ved grenseovergangen skulle vere så hardt, eller så openbart etnisk. Eg hadde heller ikkje venta at grensa skulle vere såpass konsekvensiell at eg med ein gong eg hadde passert, fekk ei tekstmelding frå Telia om at eg hadde forlate EU og måtte betale for surfinga deretter. Meldinga opna med «Velkommen til Tyrkia!», sjølv om ingen andre land enn Tyrkia anerkjenner republikken som tyrkisk. Eit enormt tyrkisk flagg, mange fotballbaner stort, var måla inn i fjellsida nord for sentrum. Eg fann ein minibuss som skulle til Famagusta. Trass i det eg hadde blitt førespegla i sør, tok han ikkje euro. Vi køyrde austover, forbi eit skinnande nytt moskékompleks med skular og idrettsanlegg. Moskeen minte i uttrykk litt om den russisk-ortodokse kyrkja i Limassol, i kjensla av å ha blitt bygd kjapt, med politisk motiverte donasjonar frå folk langt vekke. Sør på Kypros har ein sin eigen lokale versjon av den islamofobe «Great Replacement»-konspirasjonsteorien. Ein meiner å sjå at Tyrkia oppmodar tyrkarar om å bu og arbeide på Kypros, som del av ei gradvis demografisk overtaking av øya – noko som nok til dels hender, for effektiv propaganda baserer seg sjeldan på ingenting. Den mest øydeleggjande forvrenginga av røynda er ikkje den som direkte lyg, men den som vender merksemda mot feil fakta og får desse realitetane til å vege tyngre enn naudsynt. Er ikkje det essensen i kulturkrigane: at kranglane botnar mindre i kva som er godt og rett og sant, enn i nøyaktig kor stort eit gitt problem eigentleg er? Ein diskuterer proporsjonalitet ved å samanlikne eple og appelsinar: Ein spør om valdtekt av kvinner er eit større eller eit mindre problem enn at gutar føler seg verdilause og fell ut av skulen – som om ikkje begge problema er rotne frukter av same sure jordsmonnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.