Dyr

Svermingstid for hjortelusfluga

Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Publisert Sist oppdatert

No er det svermingstid for hjortelusflugene, små insekt som er til stor plage for elg og andre hjortedyr i skogane på Austlandet. For elg med tusenvis av fluger som kryp rundt i pelsen og syg blod, kan det bli ein utriveleg vinter. Det kan òg sjå ut til at endra klima og varmare vêr stressar elgen og fører til meir parasittar og andre sjukdommar.

Insekt står for ein stor del av biodiversiteten på jorda, kanskje over halvparten av alle dyreartane vi kjenner til. Mange av insekta har spesialisert seg på å leve av andre dyr og er det vi kallar parasittar. Hjortelusfluga er eit slikt insekt, ei lita fluge (3–5 mm) som har spesialisert seg på å suge blod frå elg, hjort og rådyr. Flugene blei funne første gong i Noreg i 1983, men er no vanleg i store delar av Sør-Noreg.

Ei lang historie

Historia til hjortedyra og hjortelusfluga starta naturlegvis ikkje i 1983. I den siste delen av steinalderen, om lag 5000 år tilbake i tid, var det gode bestandar av elg, hjort og rådyr både i Skandinavia og i resten av Europa. Spora etter det er tydelege, med helleristningar av elg og fleire tusen år gamle fangstgroper i både Noreg og Sverige. Og der det er mange dyr, veit vi at det også finst parasittar.

Og prov på det blei overraskande nok funne i 1991, då det dukka opp eit nedfrose menneskelik i ein smeltande isbre på grensa mellom Italia og Austerrike. I ein kriminalserie ville dette vore ein skikkeleg «cold case», fordi mannen hadde vore daud temmeleg lenge, eller meir nøyaktig i 5200 år. Men nedfrysinga hadde også konservert både kropp, klede og utstyr, og av dei mange interessante funna arkeologane gjorde då dei fingranska skinna som var brukte til klede og utstyr, var restane av fire hjortelusfluger.

Mot slutten av steinalderen blei folk meir bufaste, og folketalet auka i Europa. Etter kvart førte jordbruk og husdyrhald til store endringar i naturen, våpena blei betre, og storviltjakta blei langt meir intensiv og effektiv. På byrjinga av 1800-talet var elg og andre hjortedyr nesten utrydda i størsteparten av Skandinavia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement