Reportasje
Sveve over Jyväskylä
«Livet er livet», sa skihopparen Matti Nykänen. I svevet kjende han seg fri, men kor lenge er eit menneske der? Jo, så litt om finske vikingar, arkitektur og det lengste ordet i det finske språket.
Jyväskylä er heimbyen til skihopparen Matti Nykänen og arkitekten Alvar Aalto. Kven som har sett tydlegast sport etter seg, er ikkje godt å seie. Her er uansett ein av 29 bygnader i byen teikna av Aalto. Alle foto: Hallgeir Opedal
Alle foto: Hallgeir Opedal
Den fyrste tanken som slår ned idet eg vaknar i det romslege rommet på hotellet Scandic Jyväskylä City, er: Kva pokker gjer eg her? På denne reisa har eg så langt vore i Turku, og eg har vore i Tampere, to historiske byar, og dei var mål i seg sjølve, eg visste kva eg ville og kvifor eg skulle dit, men kva har eg i Jyväskylä å gjere?
Eg må vedgå at Jyväskylä er meir av ein mellomstasjon mellom Tampere og Kuopio, ja, ein slik stein ein trakkar ned på for å kome over bekken. At det blei nettopp her, er tilfeldig. Eg kunne like gjerne valt jordbærbyen Suoenjoki som ligg lenger nordaust. Ja, kvifor reiste eg ikkje rett til Pieksämäki? Den byen ligg jo mykje nærare Leppävirta.
For finnar flest er han mest kjend fordi den fordrukne og kjederøykande rockelyrikaren Juhani «Juice» Leskinen skreiv ein 16 minutt lang blueslåt om kor stusseleg det var å vente på toget i Pieksämäki: «Det er ingen pølsekiosk, ingen kafé/ ingen restaurant, berre stasjonen/ for ei fortviling/ dette er korleis blues vert spelt på Pieksämäki stasjon.» Ein fasinerande låt som byrjar i det stille med gitar og song, før det aukar boleroaktig med stadig fleire instrument, ja, eit heilt dixielandorkester spelar opp, før det heile igjen ebbar ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.