Sport
Ta på deg ein stillongs
Ein slapp ullstillongs under shortsen, som dei hadde på 1970-talet, eller ein strammare teknisk tightsvariant som faktisk var hipt på Lyn-feltet så seint som i 2009, er ikkje lenger aktuelt.
Før var det berre å ta ein stillongs under nylonshortsen. Så enkelt er det visst ikkje no.
Foto via Wikimedia Commons
På øya eg kjem frå, finst det ein gjenbruksbutikk med ei slags sportsavdeling. Her kan ein heile tida bli oppdatert på kva slags utstyr som ikkje er in i idrettsmiljøet akkurat no, men som derimot er eit perfekt tema for denne spalta.
No er stativet fylt opp med nikkersar. Ikkje nikkersar til ski – dei er evig aktuelle, i alle fall i Holmenkollen. I avdelinga heng 1990-talsnikkersar til bruk på fotballbanen.
Dei er anten marineblå eller svarte, av merket Umbro eller Adidas, og stoffet er glatt og slitesterkt. Passforma er lite flatterande, vid rundt låra og stram inntil øvre skinnlegg. Prisen var då på heile 399 kroner. Dette hugsar eg fordi nikkersen stod lenge nok på ønskelista mi. No kostar han 50 kroner.
Nikkersen vart brukt både på trening og på kamp, fyrst og fremst når det var kaldt. På nett er han enno til sals, men på treningsfeltet er han likevel ikkje å sjå. No er det shorts og berre shorts som gjeld, sjølv i snøstorm. På den lokale banen kan eg sjå nærare femti pretenåringar og ungdommar springe rundt på banen dekte av sludd, alle i shorts. Kne og lår er illraude, og det gjer vondt å sjå på når ballen treffer den nakne huda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.