Takk for fylgjet

Då seier eg atter ein gong takk til Hauk, post mortem, for venskapen, for samarbeidet, for at han vart den han vart.

Hauk Buen spelar på Raulandsakademiet i 1982.
Hauk Buen spelar på Raulandsakademiet i 1982.
Publisert Sist oppdatert

Ei kvinne, morsyster til Hauk Buen, vekte og nørte hugen hans til felespel. Bergit Tjønn var frå ein gåverik familie i Tuddal i Aust-Telemark, der faren, Hans Johnsen, og sonen John, og seinare broren hans att, Gjermund Tjønn, alle var dugande hardingfelemakarar.

Knut Buen dekorerte alle felene, om lag 70 i talet, som Hauk Buen på sine noko eldre dagar arbeidde fram. Dei er nytta av landets beste utøvarar i dag. Også felene til Gjermund, fosterfar hans, rosa jamt Knut, og brukte titt av hans fabrikat, særleg i ungdomen. Rosa, heitte den fela, trur eg plent.

Mi Hauk Buen-fele fekk eg for om lag 25 år sidan. Ho er òg eit meisterstykke. Avstemt noggrant i viktige frekvensar, tonetilhøvet mellom loket og botnen i klangkassa. Ei fele har ingen mystikk. Det er rein fysikk og biologi. Ei fele er ein membran, der friksjonen frå bogen set strengen i vibrasjon som forplantar seg gjennom notestolen ned i loket på fela og vidare gjennom lydpinnen ned i felebotnen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement