Historie
Tårer over Jerusalem
Både Christiania og København vart i si tid sett på som eit nytt Jerusalem. At katastrofane råka, vart sett på som Guds straffedom.
Francois Roger de Gaignières’ (1642–1715) «Veue de la Ville de Christiania», 1685. Dette er det einaste (fantasi)biletet av Den heilage treeiningskyrkja vi har. Kyrkja er i midten. Året etter stod ho i brann.
Foto: Oslo Museum.
For eit par år sidan vitja eg tanta mi på ein gammal gard i Gransherad i Telemark. Garden har eit gammalt bokskap som har stått urørt i generasjonar. Då eg kikka i bokskapet, fann eg biblar, salmebøker og postillar, men også ei utgåve av Josefus’ klassiske forteljing om romarane si øydelegging av Jerusalem i år 70. Denne teksten vart først skriven av augevitnet Josefus i det fyrste hundreåret etter Kristus. Og han hamna altså heilt oppe i Gransherad. Kvifor det? Svaret er at nett denne forteljinga, om jødane og øydelegginga av Jerusalem, var den viktigaste spegelen i den protestantiske tradisjonen i hundreåra etter reformasjonen. Her kunne ein sjå korleis det gjekk viss ein ikkje heldt seg til Guds Ord.
Me kjem tilbake til den straffa som då ville kome. Men fyrst skal me sjå korleis reformasjonen endra førestillinga om Jerusalem, og kva konsekvensar endringa fekk for kulturen i Danmark-Noreg.
I mellomalderen, som eg skreiv om i førre veke, vart fysisk heilagdom – relikviar, jord, vatn – flytta frå Jerusalem og ut i den kristne verda. Etter reformasjonen, som i Danmark-Noreg kom i 1537, vart det annleis. No var ikkje stader og relikviar heilage lenger. No handla det berre om «Guds Ord». Martin Luther hadde det med å bruke sterke bilete og slengde ut at Gud var like lite oppteken av Den heilage grava i Jerusalem som han var av alle kyrne i Sveits. I tillegg vart Jerusalem mindre tilgjengeleg. I året 1517, same året som Luther spikra opp tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg, gjorde den ottomanske sultan Selim inntog i Jerusalem. Der tidlegare styresmaktar, mamelukkane, hadde opna for dei kristne pilegrimane, vart portane no stengde. Jerusalem miste etter kvart betydning som pilegrimsmål.
Trass i desse hendingane, Ottomananes inntog og den protestantiske reformasjonen, var førestillinga om Jerusalem framleis viktig både som legitimering av styresettet – kongemakta – og som modell for det å vere from. Det var fordi Jerusalem og tempelet kunne flyttast.
Martin Luther kunne forklara korleis det hang saman. Gud hadde bygd sin bustad, tempelet, i Jerusalem. Men det var ikkje noko tempel av di det var bygd av vakre steinar, av di det var så kostbart eller av di det var innvigt. Alt dette hadde ingenting å seie. Tempelet var Guds bustad av di Ordet hans vart preika der. Med denne tolkinga kunne Luther flytta tempelet til nett der han sjølv meinte var riktig. For kor var det Ordet vart preika klårt no? Det var korkje i Jerusalem eller i Pavens Rom. Det var i Luthers eigen by, Wittenberg. Og Wittenberg – det kvite berget – kunne jo ikkje tyda noko anna enn Libanons høgd. For Libanon tyder også kvitt, seier Luther og ramsar opp alle dei bibelske namna som no hadde flytta til hans eige trakter i Sachsen: Efrata, Hebron, Sidon, Jesse, Damaskus – alle lokale stader som framleis finst i området. Kontinuitet til Det heilage landet, Jerusalem og tempelet legitimerte framleis den sanne gudsdyrkinga.
Danske prins Christian III kom til Luthers by i Sachsen i 1521. Han var berre 18 år gammal og vart snart ein overtydd lutheranar. Frå no av var det Wittenberg som var den heilage byen, ikkje Jerusalem. Då Christian III seinare vart konge over Danmark-Noreg, var han den første lutherske prinsen som vart krona nokosinne. Kroningsritualet definerte riket hans som Sion, eit anna namn på Israel, og maktbasen hans som eit Jerusalem. Profetiane vart lesne opp frå Skrifta: «For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» Med reformasjonen vart gudsdyrkinga kongens ansvar, og no skulle Danmark-Noreg verte eit føregangsland for luthersk tru. Dei store reformatorane i Wittenberg skildra riket som eit idealrike og eit fyrtårn for heile Europa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.