JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Noreg er ein industrinasjon

Det er eit munnhell av ukjent opphav blant ingeniørar: Det som ikkje er testa, verkar ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Produksjonshallen til Hapro Electronics, der komponentar vert overflatemonterte på krinskort.

Alle foto: Per Thorvaldsen

5778
20240628

Teknologi

Korleis fungerer den nye teknologien som omgjev oss?

Per Thorvaldsen, første­ amanuensis i kommunikasjons­ system ved Høgskulen på Vestlandet, skriv om teknologi annakvar veke.

Eg er industriturist. Eg dreg dit ingen andre finn noko interessant. Vel, kanskje bortsett frå næringsminister Jan Christian Vestre, som var her for eit år sidan for å sjå korleis Hapro spara straum med energibrunnar.

Det flotte med slike reisemål er at ein får ein eigen entusiastisk omvisar som kan alt. Det er berre å la spørsmåla fløyma. Alt er interessant berre ein er forviten og ynskjer å læra. 

Eg er no hjå Hapro Electronics på Jaren. Sals- og marknadsdirektør Jens A. Martinsen står framføre meg med ein spole som inneheld ein tape fylt med komponentar. Den spolen har han nett henta ut av paternosteret, som er eit høgt lager der ein kan heisa fram dei komponentane ein ynskjer. Paternosteret har regulert klima. Eg les av: 22 celsiusgradar og 4 prosent luftfukt. Optimalt for komponentar.

Jens peiker på bokstavane MSL (moisture sensitivity level) etterfylgde av eit tal som fortel kor følsam komponenten er for fukt. Alle komponentar syg til seg fukt, og det kan verta eit problem når komponenten skal loddast på krinskortet. Då fordampar vatnet på komponenten som små eksplosjonar og kan øydeleggja loddingane.

Slike feil kan vera vanskelege å oppdaga. Ein må altså ha kontroll på kor lenge ein komponent har vore ute av lageret, og dersom det tek lang tid før dei vert brukte, må dei bakast for å fjerna fukt. 

Så gjer Jens meg merksam på ein strekkode på spolen. Den identifiserer spolen. Alt i denne fabrikken er utstyrt med strek- og QR-kodar. Det meste handlar om logistikk og kontroll på prosessane.

Hjå Hapro Electronics handlar alt om varsam handsaming av produksjonsmateriell og logistikk.

Lat oss rykkja fram til start. Som vanleg kjem eg litt tidleg og får kvalitetstid for meg sjølv. Eg tek bilete av alt dei er stolte av. Les lokalavisa og all informasjon eg kan finna om Hapro på internettet. Så er det ein firmapresentasjon, der Jens forklarar meg kva eg skal sjå.

Eg får på elektrostatisk utstyr, slik at eg ikkje gjer svartskade når Jens leier meg som ein komponent gjennom fabrikken.

Det byrjar i mottakskontrollen, der ein sjekkar at det som vert levert, er i orden. Etterpå vert det ompakka for lagring. Dinest er det paternosteret for å henta komponentar på spolar. Me går vidare, og rundt oss svinsar autonome køyretøy fylte med spolar. Desse spolane vert sette i kassettar, og kassett og spole vert knytte saman ved hjelp av skanning av strekkodane deira.

Så kjem vi inn i det aller heilagaste. Rommet der alt skjer. Det er fylt til randa med pick and place-maskinar av ymse slag. Kva er ein pick and place-maskin? Vel, det ligg i namnet. Han hentar komponentar og legg dei på krinskorta på dei rette stadene, så vert komponentane lodda fast.

Eg helsar på Truls Hansen. Han viser stolt fram maskinen sin og viser meg den ferda krinskorta gjer gjennom maskinen. Det tek til med at krinskortet får loddepasta på dei stadene det skal loddast. Så går kortet nedover i maskinen. På sida er det ei rad spolar som fôrar krinskortet med komponentar.

Komponentane blir lyfte opp og plasserte på krinskortet ved hjelp av vakuumpinsett. Det er mange skjermar undervegs der maskinoperatørane kan sjå om komponentane ligg korrekt, og eventuelt gje dei ein liten dult om dei ikkje gjer det. 

Pick and place-maskinen, som set på komponentane medan krinskorta vert sende gjennom maskinen.

Når alle komponentane er på plass, går kortet vidare inn i loddeomnen. Der aukar temperaturen gradvis til ein får den ynskte loddeprofilen der loddetinnet blir soge opp langs komponenten. Me zoomar inn på ei lodding tredimensjonalt og ser at alt er i orden. Dersom det er komponentar på begge sider av krinskortet, kan ein bruka røntgenstrålar for å kontrollera kortet.

Det er alltid noko som er for komplisert for maskinar. Då er det godt me har kvinner med godt handlag. Dei loddar komponentar på fleksible krinskort og sensorar og anna som nærast heng i lause lufta.

Det er eit munnhell av ukjent opphav blant ingeniørar: Det som ikkje er testa, verkar ikkje. Det har nok Hapro skjønt. For maken til testavdeling er det lenge sidan eg har sett. Her er det ei rad testjiggar der krinskorta kan verta testa raskt og effektivt. Alle korta har testpunkt, og Hapro har laga jiggar og programvare for test.

Dei siste eg helsar på, er dei som hjelper Hapro-kundane med å industrialisera produkta sine og leggja til rette for masseproduksjon. Hapro har ei rekkje norske kundar som eksporterer produkt til heile verda.

På veg ut fortel Jens at dei er 330 tilsette, og at verksemda har lokale eigarar, mellom dei kommunen, som er den største. Alt overskotet går med til å vidareutvikla verksemda. Dei har produsert elektronikk i meir enn 50 år, og på museet deira ser eg tidtakarutstyret som klokka Stenmark inn på syttitalet, ein Tandberg monitor frå åttitalet, ein liten drone frå 2010 og ein moderne Easee-ladar. Det eg ikkje får sjå, har dei i kjellaren.

Eg takkar Jens for ei hyggeleg stund saman og dreg attende. På Gran er det som ein magnet syg meg mot høgre. Eg vrengjer bilen av motorvegen og snirklar meg opp bakkane. Der ligg dei akkurat som eg minnest, Systerkyrkjene. Kanskje det er herfrå ein har fått konseptet med å ha mange butikkar av same slag samla for å auke etterspørselen? Ville eg ha drege hit om det berre var éi kyrkje å sjå på? Kanskje Hapro får alle ingeniørane dei så sårt treng, når me får to universitet i Bergen?

Eg går rundt kyrkja. Eg veit kvifor eg eigentleg kom. Den store helten min Aasmund Olavsson Vinje døydde her i 1870 og ligg gravlagd på framsida. Eg tek opp Ferdaminni og les: «Fraa Byen det berer. Eg lyfter paa Hatt. Gud veit no den Dagen, naar dit eg kjem att.»

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Testjiggen har pinnar ned som treffer testpunkta på korta.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis