Humor
Tidstjuvar
Alt i livet er lettare enn å venta på å døy, syng Townes Van Zandt. Ver likevel obs på ting som tappar deg for tid.
Townes Van Zandt fotografert i samband med at ein biografi om han kom ut i 1995. Han døydde to år seinare.
Foto: Mark Humphrey / AP / NTB
Ein ting eg har tenkt på den siste veka medan eg har skrive saka om ventegonge, er korleis eg ofte brukar verbet å venta heilt feil. Når eg ventar med å vaska opp til i morgon, er ikkje det eigentleg å venta. Det er å utsetja. Eg må ikkje forskyva gjeremålet fram i tid, men eg vel å gjera det.
Men kva er det som gjer at eg utset oppvasken? Er det noko viktigare som har kome i vegen? Som oftast ikkje. Det er tidstjuvane som luskar rundt og tømmer meg for overskot. Her er tre klassiske tidstjuvar:
1. Dårlege tips
Det er noko med menneske som skil oss frå alle andre levande vesen, og det er trongen me har til å råda kvarande om kva me bør sjå av filmar og fjernsynsseriar. Kor ofte har du ikkje opplevd at nokon nyss har sett noko bra, og nærast pressar deg til å bruka tida di på sjå det same?
For nokre år sidan var mange i ei Game of Thrones-boble. Dei var så oppslukte av denne serien, kledde seg i pels og sverd, arrangerte fest i samband med finaleepisoden, som der og då skulle vera det beste som gjekk.
Denne absurde fasinasjonen gjorde at eg tok avstand frå heile GoT-sirkuset. Det er eg glad for i dag. For nett den same gruppa menneske kan no konstatera at den beste serien som nokon gong er laga, ikkje er Game of Thrones, men gode gamle Sopranos og The Wire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.