Til sivilisasjonen

Så kvifor enda islendingane med å leggje hovudstaden til Reykjavík. Svaret ligg i sagaene.

Deildartunguhver i Reykholtdalen, der det strøymer opp 180 liter i sekundet med ein temperatur på 97 °C. Vatnet går i røyr til Borgarnes (34 km) og Akranes (64 km), der det blir nytta til husoppvarming.
Deildartunguhver i Reykholtdalen, der det strøymer opp 180 liter i sekundet med ein temperatur på 97 °C. Vatnet går i røyr til Borgarnes (34 km) og Akranes (64 km), der det blir nytta til husoppvarming.
Publisert Sist oppdatert

Jordskjelvet! Det er det fyrste som renn meg i hug grytidleg denne søndagsmorgonen i Reykholtdalen. Tenk at eg skulle få oppleve jordskjelv! Men etter kvart som eg morgnar meg og hovudet klarnar, blir eg usikker. Var det verkeleg eit jordskjelv i natt? Slik eg minnest det, vakna eg av at senga vibrerte, ho rista, ho skalv, ikkje lenge, men lenge nok til at eg tenkte: «Yes!» Men kan eg ha drøymt det?

Å oppleve jordskjelv har bokstaveleg talt vore ein ønskedraum, for eit skjelv vil ein jo ha med seg når ein fyrst er på Island, og gjerne eit vulkanutbrot, ikkje slik at det er fare for liv og helse, eller at ein blir sitjande oskefast, men stort nok til at det kjem på Dagsrevyen heime: «Jau då, eg var der. Nei, redd var eg ikkje. Ikkje så veldig.» Å gjennomleve slike naturfenomen gjev eit lite menneske innblikk i kva krefter som finst like under denne knekkebrødtynne jordskorpa vi lever på.

Frå vindauget på Fosshotel ser eg baksida av kyrkja og besøkssenteret til Snorre Sturlason, og det er ikkje noko å sjå på over tid, så eg er glad for at eg har TV på rommet. No skal eg endeleg få sjå islandsk frukost-TV. Slike morgonsendingar har ein alltid nytte av på reiser, for då kan ein på effektivt vis få eit inntrykk av kva dei innfødde er opptekne av. Sjølv om ein ikkje kan språket, skjønar ein alltids eit og anna ord, og bileta taler jo for seg sjølve. Ja, sjølv då eg var i Finland, fekk eg med meg litt av kvart gjennom å sjå morgonfjernsyn, trass i at eg knapt kan eit ord finsk.

Melodisk og fonetisk er forresten ikkje finsk og islandsk så ulike, noko eg har fått stadfesta av fleire islendingar. Når det gjeld ord og grammatikk, har dei ingenting til felles, det er meir språkmelodien, og når islendingar høyrer nokon snakke engelsk med snerrande, skarp aksent, kan dei bruke lang tid på å høyre om vedkomande er islending eller finne.

Det er med forventning eg skrur på fjernsynet, men forventninga blir ikkje innfridd. Det er berre TV-shop. Eg byter kanal, men nei, ikkje noko morgonfjernsyn. Berre støyande animasjonsfilmar og TV-shop på alle kanalane. Eg blir sitjande på senga å sjå ei engelsk kvinne i blomstra kjole med raus utringing som sel Fat Iron – eit handhalde apparat som ved hjelp av infraraudt lys og vibrasjon fjernar cellulittar, kroppsfeitt og rynker. Kan det vere nasjonalkringkastaren som sender slikt? Det er ikkje utenkjeleg, for RÚV er reklamefinansiert.

Det var amerikanarane som innførte fjernsynet på Island. I 1955 søkte dei om konsesjon til å sende TV-program til mannskapa på militærbasen ute på Keflavík. Sidan saka ikkje rørte ved islandske interesser, trudde dei, kom ho ikkje opp i Alltinget, men blei avgjord i utanriksdepartementet. Køyr på, sa departementet, men så synte det seg at TV-signala frå basen nådde Reykjavík-området. Hovudstadsbuarane strøymde til butikkane og kjøpte seg dyre fjernsynsapparat for å sjå det dei kalla kanasjónvarpi?.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement