Reportasje

To netter på Utøya

Arbeidet som er gjort for å ta Utøya tilbake, er forbløffande bra.

Utøya-ferja M/S «Torbjørn» legg til land.
Utøya-ferja M/S «Torbjørn» legg til land.
Publisert

Etter ein grytidleg avgang frå Trondheim hadde eg kome meg til operahuset i Oslo til avtalt tid. Her stod alt ein gjeng og venta på fellesbussen som skulle ta oss til Utøya. Vi kom frå forskjellige stader i Noreg, og hadde alle meldt oss på Samling om formidling mot hatprat frå 5. til 7. juni.

På veg til Utøya

Vi var stille då vi gjekk om bord, vi kjende ikkje kvarandre, og det var framleis tidleg om morgonen. Samstundes kjende vi på noko i oss, vi var no på veg til Utøya. Eg lena meg tilbake mot den mjuke seteryggen og såg på sommarlandskapet som glei forbi. Dei andre gjekk i shorts og kjole, eg hadde troppa opp i jakke, bukse og genser. Gradestokken i Trondheim hadde stort sett lege på ti grader, og eg hadde ikkje teke innover meg at det kunne vere så mykje varmare her.

Eg lukka auga og prøvde å la tankane flyte fritt. Det hadde vore så hektiske dagar, eg ville nytte dei 40 minutta køyreturen tok, til å førebu innlegget eg skulle halde på samlinga. Det var ikkje enkelt. Eg såg fram til den faglege delen av seminaret, samstundes gjorde den stadigare sterkare tanken på at vi faktisk skulle vere på Utøya, meg uroleg.

Korleis ville det eigentleg vere å overnatte her, trø på dei same stiane der unge menneske hadde ledd og mora seg i den eine augneblinken, deretter sprunge for livet, late blodet sitt. Sjølv om eg har lese og diskutert, endåtil undervist om 22. juli, kjende eg at dei tragiske lagnadene til desse unge framleis var for hjarteskjerande å ta heilt innover meg.

Ville eg i det heile klare å konsentrere meg om noko anna enn dette når eg kom til Utøya?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement