Toppen av innlandsisen
Det er ei underleg kjensle. Etter tre veker i berre vårt eige selskap, etter mil på mil med utsyn til snø og is, står me plutseleg på ei flystripe.
?Det er liten tvil om kven som eig desse spora. Men kva ærend har han her, langt inne på innlandsisen?
Foto: Ronny Finsås
Eit par karar kjem ruslande mot oss. Her er teltleirar, store plasthallar, høge master, flagg i alle variantar, beltevogner og snøskuterar – og eit stort hus som ser ut som eit romskip.
– Velkomen til Eastgrip! Eg såg dykk kome på isbjørnradaren.
Kerim Hestnes Nisancioglu smiler breitt. Han seier det er hyggjeleg at me legg turen innom. For her på 75 og ein halv grad nord, 2700 meter over havet og 40 mil inn frå austkysten, har dei aldri tidlegare hatt forbipasserande gjestar.
Ein klimajoker
Eastgrip, eller The East Greenland Ice-Core Project som akronymet står for, blir leidd av Niels Bohr Institutet i Danmark. Men det er ei rekkje institusjonar frå mange land som deltek i dette forskingssamarbeidet, mellom andre Bjerknessenteret for klimaforskning ved Universitetet i Bergen. Amerikanarane, gjennom National Science Foundations polarprogram, syter for at forskarar og forsyningar blir frakta inn på innlandsisen med ein diger Herkules flygemaskin.
Hovudformålet med Eastgrip er å bore ein kjerne tvers gjennom Grønlandsisen. Det er i seg sjølv litt av ein jobb, sidan isen her oppe er 2550 meter tjukk. Årsaka til at dei ynskjer eit hol akkurat her, er at me står ved starten til den nordaustgrønlandske isstraumen. Sjølv om alt verkar stille og roleg i isen rundt oss, og sjølv om det stort sett er minusgradar heile året her i høgda, flyttar stasjonen seg mot havet med imponerande 60 meter i året. Det vil seie at isstraumen flyt som ei saktegåande elv, og renn nordover og utover mot dei svære brefalla på Nordaust-Grønland, der enorme mengder is blir pumpa ut i Framstredet. Denne straumen åleine står for heile 16 prosent av all isen som forsvinn frå Grønland kvart år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.