Det eine toget gjekk ein runde aust på øya, det andre ei strekning i nord, og det tredje marsjerte rundt i sentrum. Ingen av toga kunne gå samstundes fordi kommunen berre hadde eitt korps.
17. mai er dagen korpsa ser fram til, det er då dei skal få skine. Verre er det når ein skal skine kilometer på kilometer, kanskje i regn og sludd, i heile tre tog. Då gnagar skaiskoa til musikantane djupe sår, og til og med kornetten blir tung.
Ekstraordinært møte
Etter kilometer på kilometer og år på år vart det endeleg ei slags semje: Dei tre toga på den litle øya skulle bli til eitt. Problemet var ikkje berre at korpset spela på seg belastningsskadar, det blei rett og slett for dumt å ikkje klare å samle tre glisne skrangletog til eitt stort og stolt tog.
Men ein slik omfattande fusjon skjer sjølvsagt ikkje knirkefritt. I den austlege bygda vart stemninga i 17. mai-komiteen så amper at formannen til slutt måtte gå. Han var rett og slett for 17. mai-liberal. I all hast vart det kalla inn til ekstraordinært møte for å velje ny formann.
Sjølv om tre tog var blitt til eitt, var det likevel slik at straks fellestoget var framme ved kyrkja, altså endestasjonen, forsvann alle til sine respektive bygder. Å gå i tog side om side fekk vere nok. Lapskaus og tombola skulle dei ha i fred, i eiga bygd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.