Kunnskap
Treklossdrama
Den som ser skogen for berre tre, lærer kanskje aldri at pokkenholt vart brukt i kronometeret då Stillehavet vart kartlagt.
Eg hadde ikkje tenkt å blanda far inn i dette, men der me sit ved frukostbordet hos foreldra mine, berre fell det ut av meg. Han er jo ein autoritet på feltet: å samla på klossar.
– Eg har ein haug med klossar og plankekapp på plattingen, seier eg.
Bitane er restar etter eit gjerdeprosjekt i fjor haust, somme er berre nokre centimeter lange, andre nærare ein halvmeter. Dei låg der då hausten vart til vinter og snøen kamuflerte alt eg ikkje ville sjå, og eg gløymde dei av. Ein naiv del av meg håpa eigentleg dei skulle forsvinna av seg sjølv, kanskje at nokon som trong dei, tok dei. Våren kom, snøen smelta, og klossane låg der framleis. Ingen hadde teke dei. Eg vart handlingslamma.
Eg har mange unnskyldningar for kvifor eg ikkje har gjort noko med plankebitane. Dei er av trykkimpregnert material. Det betyr at det er pressa impregneringsstoff inn i treet. Prosessen gjer at trevirket ikkje rotnar like fort, men det gjer òg at plankerestane verken kan kastast i restavfallet eller brennast, då brend impregnering vert livsfarleg gass.
Skal klossane vekk, må dei til attvinningsstasjonen, og eg har verken tilhengjar eller hengjarfeste. Det er noko som kan punktera kva prosjekt som helst.
Det er heller ikkje snakk om så mange bitar at dei fyller ein hengjar. Alt får plass i ein kasse som lett hadde gått inn i bilen. Men éin kasse er for lite til å ta turen til attvinningsstasjonen, synest eg. Prisen er den same, 100 kroner for alt inntil ein kubikkmeter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.