Turku i toppfart

I staden for eit kongehus blei Finland velsigna med Carl Gustaf Mannerheim og universets vakraste kvinne.

Året 1952 var eit vendepunkt i Finlands historie. Krigserstatninga til Sovjetunionen var nedbetalt, dei olympiske sommarleikane blei arrangerte i Helsinki, og den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten blei verdas første miss Universe.
Året 1952 var eit vendepunkt i Finlands historie. Krigserstatninga til Sovjetunionen var nedbetalt, dei olympiske sommarleikane blei arrangerte i Helsinki, og den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten blei verdas første miss Universe.
Publisert Sist oppdatert

God morgon, Finland! Det er knapt femten minutt sidan eg brutalt blei vekt av ein ilsken reinhaldar om bord i finlandsbåten «Galaxy», men no står eg her på finsk jord – på finsk asfalt. I lufta eit skarpt, nattkjølig drag, men i aust heng ei kvitskarp morgonsol på djupblå himmel. For ein fredag dette kan bli!

Eg har reisesekken på ryggen, set solbrillene på nasen og losar den elektriske sparkesykkelen Arja mellom hundretals båtpassasjerar som ventar på buss, taxi og annan transport. Vel gjennom set eg høgre fot på brettet, trykker inn gassen med tommelen og rekk ikkje eingong å sparke frå før Arja med eit rykk spinn av garde – ut frå hamneområdet og inn mot sentrum av Åbo, eller Turku, som finnane seier.

Arja er topplada og vel kvikk, synest eg, ho er vinglete og ekstremt kjensleg på gassen. Eg held hendene stramt på styret. Hjula klaprar over dekksteinen i fortauet, og heile eg ristar.

Det er no oppkvikkande å suse slik av garde i 22 kilometer i timen, eg kjenner meg effektiv, og klokka er ikkje meir enn kvart over seks. Altså, her i Finland er ho kvart over sju, men i Noreg er ho kvart over seks, og mi biologiske klokke er norsk, men eg finst ikkje trøytt, tvert om, eg er grunnglad og oppspilt.

Sett bort frå vegskilta er Finland så langt ikkje ulikt Noreg. Det er om lag dei same bilane, dei same lauvtrea, den same gråsporven og om lag dei sama vekstane i vegkanten, men snart klaprar vi langs ein kvit borgliknande bygning. Slikt har vi ikkje heime. Skal eg ta det no eller vente? Eg tek det no, gjer ein krapp sving og køyrer tilbake. Åbo slott, står det på eit skilt. På finsk: Turun linna. Linna må vel tyde slott, men kvifor har dei ikkje skrive Turku linna? Dette må eg finne ut av. Slottet opnar ikkje portane før ti, og eg får eventuelt køyre tilbake, men eigentleg har eg heilt andre planar denne fyrste dagen på finsk jord. Eg vil heim til marskalk Carl Gustaf Mannerheim.

Uansett kor ein reiser i Finland, vil ein støyte på namnet Mannerheim. Alle byar har ei Mannerheimgate eller eit Mannerheimtorg, eller ein park, eit museum, ein statue eller eit anna minnesmerke over Finlands store son. Carl Gustaf Mannerheim rakk uhorveleg mykje i levetida si og blei ein hylla krigsførar og ein høgt akta statsmann som utstrålte ei grandios sjølvtillit, større enn landet skulle tilseie. Han var for mange ein landsfader og enda den politiske karrieren sin som republikken Finlands sjette president.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement