I 1641 – same år som han vart avsett som lagmann i Bergen – drog Peder Ravn?til København. Der fekk han med seg ei gåve heim. Ein samlar hadde vore hjå bokbindaren med hundre viseprent og fått dei bunde saman til ei bok på tusen sider, ti centimeter tjukk. Det eldste prentet er 440 år gamalt, frå 1583, det yngste er frå 1634. Diktarane er danske, tyske og norske.
Prentet som opnar boka og gåva, er ei vise skriven til mottakaren og kona hans. Rett nok er tittelbladet til visa borte, i gamle bøker hender det at fyrstesida losnar og fell ut, men sjølve visa er der, og set ein saman fyrste bokstav i kvar strofe, får ein akrostikonet PEDER RAVEN KAREN HANSDAATTER AMEN.
Solveig Tunold
Ravn døydde seinare i 1640-åra, og kvar boka vart av dei neste hundre åra, veit ein ikkje. Men i 1746 høyrde ho til Hynjo gard i Lærdal. Og der var ho truleg i nær 200 år, til garden vart seld ut av slekta i 1934. Då fór boka over fjorden, til Sogn Folkemuseum i Kaupanger –?som ikkje fekk ha henne så lenge. Alt i 1936 sytte Universitetsbiblioteket for å sikra seg det nordiske klenodiet.
Ein ung bibliotekar og litteraturforskar, Solveig Tunold (1900–1994) – ho vart elles mest kjend for banebrytande Sigbjørn Obstfelder-forsking – gav seg straks til å granska visesamlinga, og skreiv innsiktsfullt om henne. Men så gjekk boka meir eller mindre i gløymeboka att i nye nær hundre år – fram til Noreg vart nedstengt i 2020.
«Under koronaepidemiens strenge smitteregime og det sørgelige bortfallet av meningsfulle samtaler fant en tverrfaglig gruppe hverandre i gleden over eldre visetrykk», heiter det i føreordet til boka som vert lansert i dag. «Gruppa møttes på Teams, under ledelse av Seksjon for musikk, Avdeling for fag og forskning. Etter hvert innså vi at Nasjonalbiblioteket satt på en av de mest spennende samlingene med 1600-talls visetrykk i Norden, og bestemte oss for å formidle denne svimlende rikdommen i det vi muntert har kalt Peder Rafn-prosjektet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.