Uredd

Publisert

Eg møtte Sergej Markelov for første gong for åtte år sidan gjennom Barents Press. Straks slo det meg at Sergej ikkje berre var ein modig journalist, som med iver gjekk inn i saker andre kanskje ville ha styrt unna, men at han var ein dyktig skribent som skildra det russiske samfunnet på ein nær, men òg profesjonell distansert og kritisk måte.

Sergej har aldri gjort det lett for seg sjølv, anten han ville dekke rettssaker om korrupsjon eller mot vilkårleg fengsla menneskerettsaktivistar. Men det var dette han ville gjere for å prøve å gjere hans eige heimland til ein betre plass: setje søkjelys på den store urettferda som finst i det russiske samfunnet.

Den 35 år gamle Sergej er ein av mange uredde og hardtarbeidande journalistar i Russland. Sidan eg møtte Sergej for første gong, har vilkåra for uavhengig journalistikk i Russland forverra seg kraftig. Like fullt har han arbeidd vidare med det han trur på.

Heime i Russland skreiv Sergej for fleire aviser og publikasjonar me kan kalle for «uavhengige», altså medium som ikkje direkte eller indirekte er underlagde staten. Eit av desse er Novaja Gazeta, der fredsprisvinnar Dmitrij Muratov er sjefredaktør. Sergej har vunne journalistikkprisar, blant anna for «Presidentens svarteliste», som handlar om tortur i eit av verdas verste diktatur, Usbekistan.

Men til slutt hadde Sergej skaffa seg for mange mektige uvener og hamna på utanlandsk agent-lista til dei russiske styresmaktene, ikkje minst sidan han skreiv nokre artiklar for den russiske versjonen av det amerikansk-finansierte Radio Liberty.

Han freista å få domstolen til å omgjere avgjersla, men utan å lukkast. I november i fjor vart presset mot han så sterkt at han valde å reise frå Russland. Med hjelp av gode journalistvener og økonomisk bistand frå den tyske Boris Nemtsov-stiftinga, oppretta etter drapet på politikaren Nemstov i 2015, er han no i New York i USA.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement