Kultur
Urkrafta
Joikarane som framfører på tradisjonelt, arkaisk vis, er djupt inderlege på eit vis som eg sjeldan høyrer i andre musikksjangrar.
På påskefestivalen i Guovdageaidnu/Kautokeino i 2015 vart ein minnekonsert arrangert for den anerkjende joikaren Inga Juuso, som gjekk bort året før. Der deltok nokre av dei fremste artistane og joikarane i det nordsamiske området. Frå venstre: Sofia Jannok, Sara Marielle Gaup Beaska, Mari Boine, Ulla Pirttijärvi-Länsman, Anders P. Bongo, Ingor Ántte Áilu Gaup og Leif Isak Eide Nilut.
Foto: Susanne Hætta
Eg har godt nytt! I dag vert det reinlevergryte til middag!
Det eine ekstra sekundet med tagnad før grimasen hans minte meg på at tenåringsgutar ikkje alltid set pris på kvalitetsmat. Eg overser kvart tilløp til meir surmuling og småspring til kjøkenet for å ringje mor mi om oppskrifta.
Når redaktøren i denne avisa ber meg skrive om samisk musikk, blir eg reint matt i lakken, som vi seier i Finnmark. Temaet er minst like omfattande som ei samla framstilling av norsk musikk i det heile, så eg byrjar med byrjinga, og det dei fleste i landet tenkjer på som samisk musikk: joiken. Men kva er joik, og kva kjenneteiknar han? Eg kjem tilbake til det, etter eit par digresjonar.
Når eg byrjar med å skrive om mat, er det fordi det er ein sentral del av samisk kultur. Eg er slett ikkje ekspert på eigen kultur, men har nærast måtta blitt det, fordi eg i mange samanhengar har vore den einaste samen nokon har møtt: på folkehøgskulen, i studentradioen, i hybelhuset eller på jobben. Eg har representert.
På det viset har eg òg reflektert mykje over eigen kultur, i større grad enn det dei fleste andre i Noreg gjer. Kva er det som er samisk i livet mitt? Ein kan ikkje alltid skilje det samiske eget frå det norske eget, men maten og musikken er sentrale delar.
Eg kjem alltid attende til reinkjøt og til samisk musikk. The soundtrack of my life har sjølvsagt endra seg gjennom tiåra eg har gått på denne jorda, just som den samiske musikken stadig er i utvikling, falder seg ut i mange sjangrar og lèt seg influere av moderne retningar og trendar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.