Essay
Usannsynlege Keynes
Del 1: Framtida er tidvis særmerkt av radikal uvisse, meinte den engelske økonomen John Maynard Keynes: Vi kan ikkje talfesta odds for framtidige kriser og krakk.
Illustrasjon: Björk BjarkadottirIllustrasjon: Björk Bjarkadottir
Lytt til artikkelen
Kor stort er sannsynet for ei ny, global finanskrise om 10 eller 20 år? Kor høge odds er det for at Oljefondet framleis finst om 100 år? Det opplagde svaret er at du ikkje veit. Eit anna svar er at slike spørsmål lyt eg lesa Keynes for å tenkja gjennom.
John Maynard Keynes? På ein husvegg i området Bloomsbury i London heng eit lite skilt med kvit skrift på blå botn. Det gjer kjent at han levde frå 1883 til 1946 og budde her frå 1916 til han døydde. Det siste er berre delvis sant. I røynda pendla han store delar av vaksenlivet mellom Cambridge og London – på den tida då sola framleis ikkje gjekk ned i det britiske verdsriket. Såleis veksla han mellom universitet og finansdepartement; mellom fag og økonomisk politikk.
Etter døden lever han vidare i språket gjennom nemninga keynesianisme. Ordet er mangfelt. Det vert knytt til dei stabile økonomiske oppgangstidene i Vesten etter andre verdskrigen. Det vert òg nytta om eit intellektuelt omskifte innanfor økonomifaget: Marknaden er ikkje utan vidare sjølvregulerande, etterspurnaden i økonomien kan vera for låg og arbeidsløysa for høg, ergo bør staten stundom medverka til (særleg) auka investeringar. Vi veit at vestlege blandingsøkonomiar slik sett er i samklang med «læra» til Keynes. Den usynlege handa hand i hand med den statlege. Samstundes: Denne kjensla av at framtida truleg verkar mindre føreseieleg enn for nokså kort tid sidan, ikkje minst i Storbritannia og USA, alt dette er ein grunn til å reflektera over Keynes.
Korleis skriva om dette? Du kan sjekka inn på hotellet The Claridge i Atlantic City på den amerikanske austkysten, få eit rom med utsyn mot Atlanterhavet rett utom. Lyd av bylgjer som slår inn mot land. Her budde Keynes eit bel sommaren 1944 – på veg til det historiske Bretton Woods-møtet tidleg på hausten. I Atlantic City hadde den britiske delegasjonen føremøte med amerikanarane, mest av praktiske grunnar: Det nærliggjande alternativet Washington D.C. var visstnok for fuktig og varmt. Diskusjonane og vedtaka i Bretton Woods i New Hampshire kom til å setja stempelet sitt på tiåra etter verdskrigen. Stikkord: skiping av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF), semje om faste valutakursar mellom industrilanda tufta på ein gullstandard, ansvarleg økonomisk politikk. Dinest ein mannsalder med vekst og velstand, fråvær av finanskriser og massearbeidsløyse.
Då som no er Atlantic City ei øy, eit øysamfunn. Eit sett med lange avenyar går parallelt med stranda og har fått namna sine frå kjende hav: Pacific Avenue, Atlantic Avenue, Baltic Avenue, Mediterranean Avenue og så bortetter. Desse vert kryssa i rette vinklar av gater oppkalla etter dei ulike delstatane i USA. Nærast havet, mellom sandstranda på eine sida og kasino og alskens butikkar på hi, har dei plassert The Boardwalk; den mest vidgjetne gata. Der, rett bortanfor hotellet, finn du Hard Rock Casino. Alt frå a til z er amerikansk kitsch. Før var Donald Trump eigar, no eig seminolstamma i Florida (med hovudkvarter i Hollywood) kasinoet. Desse indianarane er dei einaste som aldri skreiv under nokon fredsavtale med USA. Inne på kasinoet deira er det ein konstant kakofoni av gambling med stor G. Lyden av einarma bandittar, bakgrunnsmusikk, ruletthjul, klirrande glas, kortstokkar, metalliske pling, dollar og cent. Enorme lokale utan vindaugo mot omverda. Dag og natt flyt over i kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.