Reportasje

Utsetjing og straff

Kvifor er eg tiltrekt av prosjekt som eg ikkje evnar å fullføra?

Publisert

Okei, så har eg felt eit tre. Men kva no?

På same måte som me hadde ei laus avtale om å fella treet, har onkel Kjell og eg ei laus avtale om å saga det opp i kubbar.

– Me tek det ein dag det passar, seier han.

– Treet ligg der, det. Det spring ingen veg.

Nei, hadde det berre vore så vel, tenkjer eg. For tida går, mai vert til juni, og juli, august, og eg gjer alt anna enn å gå i skogen og dela opp treet mitt.

Treet som ligg der, heng over meg. Kvar gong eg passerer det, får eg ein snev av dårleg samvit. Er det ikkje typisk meg å byrja på nye prosjekt med godt mot, men ikkje fullføra dei?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement