Humor

Vaken ei vinternatt

Svevnen min kviler. Høgt elska, djupt sakna.

Publisert Sist oppdatert

Klokka er rundt 03.00, det veit eg utan å ha sjekka, for dette er tidspunktet eg har vakna natt etter natt utan å falle til ro att. Eg har det som Tantalos i Odyssevskvædet, omsetjinga til Arne Garborg, du veit, han Odyssevs såg føre seg i ei fælsleg pine, «midt i ei tjønn han stod, med vatnet heilt upp til hoka; tyrstande stræva han saart, men kunde kje torsten faa sløkkje», for når han bøygde seg for å drikka, forsvann vatnet for han.

Alt ligg til rette for at eg skal sova. Eg har ro, mørke og mjuk seng, men ikkje svevn. Eg lir tantaloskvalar.

Å ikkje få sova er ikkje noko eg slit mykje med, men er det fyrst nokre netter med manko på svevn, er det altoppslukande, og det finst ingen snarveg. Det er ikkje som å vera svolten, så kan eg eta meg mett. Eller å vera skiten, så kan eg vaska meg rein. Det finst ikkje hurtiglading for svevn. Berre saktelading.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement