Varden på Navy Cliff
Horisonten veks. Den mørke lina i synsranda blir høgare og høgare. Det sitrar i kroppen.
Ronny nyt det enorme utsynet over Independence Fjord, medan polarhistorikaren er mest oppteken av kjeldene.
Foto: Vegard Ulvang
Me har vore på tur i ti dagar. Det er om lag 850 kilometer sidan me spente på oss skia ved Qaanaaq på Nordvest-Grønland – og no nærmar me oss slutten, nordenden, av den enorme Grønlandsisen. Etter mil på mil med utsyn til berre snø, snø og atter snø – i alle retningar, ser me no fjell og dalar. Og fjorden langt der ute. Robert Peary og Eivind Astrup var dei første som fekk dette eventyrlege utsynet, i 1892. Etter dei er det ikkje mange som har hatt den gleda.
Me parkerer drakane, legg igjen det meste av utstyret og er klare for nokre dagar på skitur utover i det mytiske Vildtland. Me er heldige med tilhøva. Her i den arktiske ørkenen, i skuggen av den store breen, er det ikkje sjølvsagt at det er snø nok til å gå på ski. Då Astrup og Peary var her, rett nok seinare på sumaren, sleit dei med den «uendelige masse af løse skarpe stene, der gjorde marschen i vore tyndsaalede sælskindskamikker til en uafbrudt lidelse».
Det er ingen som veit den nøyaktig posisjonen til Navy Cliff; staden der Peary og Astrup bygde varden sin før dei snudde og reiste sørover att. Kartet som finst over Nord-Grønland, er i stor målestokk, og det er vanskeleg å nytte for å finne den enklaste vegen gjennom dalar og over fjell. Kjensla av å ferdast i uoppdaga land har aldri vore sterkare. Rett nok har det landa helikopter på sjølve klippa. I 1978, i 1982 og visstnok i 2011. Men me er nok dei første som kjem landevegen til Navy Cliff sidan dansken Peter Freuchen og grønlendaren Inukitsoq drog gjennom det same eventyrlandskapet i 1912.
Første Thule-ekspedisjon
Det var Knud Rasmussen og Peter Freuchen som gav dette området mellom innlandsisen og Navy Cliff namnet Vildtland – sidan staden verka utømmeleg for moskusar. Sjølv skaut dei 30 dyr.
Grunnen til at Rasmussen og Freuchen kom hit, var indirekte Peary og Astrup. Peary hadde funne nordenden av innlandsisen, men han sa òg at han hadde oppdaga ein kanal som skilde sjølve Grønland frå dei landområda han såg vidare nordover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.