Historie
Vassvegen på Lesvos
Gleda over å finne spor etter kanalen, terrakotta, eit knust røyr gir løn for strevet og toskeskapen.
Den store brua i Moria. Langs toppen der kanalen var, er brua 170 meter lang og rundt 25 meter høg. Brua har 17 arker og 16 søyler som held ho oppe. Brua er ikkje av dei største og mest kjende bruene i det som ein gong var Romarriket, men det er eit imponerande byggverk.
Alle foto: Otto Ersland
Det er 16 år sidan første gongen eg såg den store brua i Moria. Eg hadde i fleire år høyrt om akvedukten, men aldri brydd meg om det. Brua imponerte. Det som fasinerte meg mest, var tanken på kva anna som måtte finnast på øya.
Ingen byggjer ei slik bru utan at ho står i ein samanheng, og det er kanskje fleire og like imponerande restar andre stader? Slik starta interessa mi for akveduktar, og då særleg akvedukten på Lesvos.
Då eg kjende at interessa for akvedukten vaks og nappa godt i hjernen, gjorde eg eit val, eg skulle ikkje google, eg skulle ikkje eingong gå på biblioteket og lese. I staden skulle eg finne ut mest mogeleg på eiga hand. Eg skulle lure på det eg såg, trakke rundt i landskapet og snakke med folk eg møtte. No har eg trakka rundt ei til to veker kvart år i 16 år.
Lesvos ligg tett opptil den tyrkiske kysten og har ei rik og lang historie. Me finn restar frå den greske antikken, Romarriket, bysantinsk og genovesisk styre og den ottomanske perioden. Under Romarriket blømde Mytilíni, og fleire kjende namn frå romersk historie budde på eller vitja øya.
Agrippa og keisar Hadrian skal ha vore innom. I byen finn me grunnmurar etter romerske villaer. Store hus, bad og restar av eit stort amfiteater tyder på at byen hadde ei overklasse, eit aristokrati og eit rikt kulturliv. Kor mange som budde i Mytilíni rundt år 150 – då eg trur akvedukten blei bygd – er uvisst, kanskje så mange som 10.000–15.000.
Vatn var ein viktig ressurs for at byar skulle bløme og vekse. Om kjelda ikkje låg nær, måtte vatnet hentast eller leiast inn til byen. Til det trong ein teknologi, slavar, soldatar, pengar og nokon som var villige til å betale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.