Kunnskap
Vegen til båtførarkortet
Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?
Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.
Foto: May Linn Clement
– Kor mange desimalar vil de ha?
Ein annonse dukka opp på Facebook-veggen min for nokre veker sidan: No kunne eg ta båtførarprøva i Austevoll, eit kveldskurs pluss eksamen, alt på fem timar. Klara eg eksamen med over 80 prosent rett, kunne eg føra fritidsbåtar på inntil 15 meter, eller 49,21 fot, og med motorkraft på over 25 hestekrefter.
Så her sit eg, som ein av 17 elevar med sjøkart, passar og rullelinjal på pulten framføre meg, finn avstandar og reknar nautiske mil ut frå breiddegradane langs høgresida på kartet.
Eg hadde ikkje tenkt å vera den typen elev, men i det eg meiner å ha funne nøyaktig avstand frå Store Færder fyr til Kjelebåen i Oslofjorden, rekkjer eg opp handa og spør kor mange desimalar som trengst.
– Det held med éin, seier kurshaldaren.
Eg kjenner meg godt førebudd når halvparten av kursdeltakarane ikkje eingong har registrert seg på Båtførerregisteret.no, noko me spesifikt fekk beskjed om å gjera då me melde oss på kurset. Det kunne ikkje seiast tydlegare i e-posten, meldinga stod med raud skrift, var i store bokstavar og understreka. Registrer deg i Båtførarregisteret og last opp portrettbilete med kvit bakgrunn FØR kursdag og eksamen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.