Sjakk
Verda må skjerpa seg
Magnus Carlsen (33) var nok ein gong suveren då han vann sitt 16. og 17. VM-gull i Usbekistan.
Magnus Carlsen har gjort det igjen.
Foto: Lennart Ootes
Fem dagar med intensiv sjakk i romjula er ein fin norsk tradisjon, eit avbrot frå krig og katastrofar. NRK-sendingane fungerer etter oppskrifta og vert meir og meir like andre familieprogram som «Maskorama». Men så er det heldigvis sjakken, då, og konkurransen der er reell nok.
Når ein diskuterer internasjonalt om Garri Kasparov eller Magnus Carlsen er den beste spelaren i historia, er eit hovudargument for Carlsen at konkurransen er mykje hardare i dag. Det er sant. Av dei 200 spelarane i open klasse i Usbekistan var kan henda 30 gode nok til å vinna, så reint matematisk skulle ikkje ein einsleg Carlsen ha særleg gode odds mot resten av verda.
Carlsen tok likevel dobbeltsiger i 2014, 2019 og 2022. At han gjorde det i år igjen, er nesten ikkje til å tru. Etter årets VM har Carlsen 17 gull (5 i langsjakk, 5 i snøggsjakk og 7 i lynsjakk). Dei hardaste konkurrentane, som Caruana, Nepomnjasjtsjij og Nakamura, har til saman null gull. Dei må skjerpa seg!
Sluttspelmagi
Carlsen byrja snøggsjakken nervøst med ein svak remis i fyrste runde. Men så vann han fem på rad. I runde 2, 4 og 6 trylla Carlsen fram sigeren med svart i sluttspel der alle andre ville ha teke remis. Det var ikkje noko å spela på, men Carlsen spela likevel vidare – og vann. Det er slikt som kan henda i eitt av 100 parti, men Carlsen gjorde det tre gonger på rad. Og blant offera i desse sluttspela var verdsklassespelarar som iranaren Maghsoodloo og indaren Vidit. Skjerp dykk, verdselite!
Med svart i runde 10 på den tredje og siste snøggsjakkdagen spela Carlsen for siger frå start. Han valde ei strategisk risikabel opning i ånda til hypermodernistane frå mellomkrigstida. Kvitspelaren Vladimir Fedosejev (28) – ein russar som hatar krigen og no spelar for Slovenia – skjøna ikkje kompleksiteten på brettet. I NRK-studioet kunne vår nestor Simen Agdestein (56) fortelja at sjakkfilosofen Nimzovitsj spela slik Carlsen gjorde alt i 1926.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.