Reportasje

Verdas navle

Dei lokale kallar torget i Kuopio for Mualiman Napa – verdas navle.

Sparkesykkelen Arja og eg står midt i verdas navle på torget i Kuopio. Ein by som er kjend for å vere heimbyen til fredsprisvinnaren Martti Ahtisaari, vidare for tårnet, som populær ferieby og for sjølvmord.
Sparkesykkelen Arja og eg står midt i verdas navle på torget i Kuopio. Ein by som er kjend for å vere heimbyen til fredsprisvinnaren Martti Ahtisaari, vidare for tårnet, som populær ferieby og for sjølvmord.Sparkesykkelen Arja og eg står midt i verdas navle på torget i Kuopio. Ein by som er kjend for å vere heimbyen til fredsprisvinnaren Martti Ahtisaari, vidare for tårnet, som populær ferieby og for sjølvmord.
Publisert Sist oppdatert

Kor langt vi er komne?

Jo, eg avslutta vel sist med at eg sat i denne to etasjes bussen på veg frå Jyväskylä til Kuopio, der eg var så griseheldig å få sete heilt fremst, den gjævaste plassen etter mi meining, og det undra meg stort at han ikkje alt var tatt. Utsikta var formidabel. Rett nok var ruta sprokken og tilgrisa med blod og flatklemde insekt, og rett nok var det mest skog å sjå, men der var òg glitrande innsjøar, små gardshus og over det heile kvelva himmelen seg med lysande bomullsskyer.

Vi var no på veg inn i Järvi-Suomi eller Insjöfinland, som finlandssvenskane seier. Ein fjerdedel av arealet her er vatn, men mange av dei finske innsjøane er grunne, og tvers over Leppävesi hadde det finske vegvesenet laga ei kilometerlang steinfylling. Å sveve slikt lågt over vatnet gjorde meg oppglødd.

Det einaste som skapte heft, var den mutte finnen som sat ved sida av meg. Han hadde svart skyggelue og solbriller, og slik eg oppfatta det, hadde han surna fordi eg fekk sitje framme utan å betale ekstra. Sjølv hadde han reservert plass, og det hadde kosta han. Det var ikkje rettferdig, eg var einig i det, men at han lét misnøya gå ut over meg, var heller ikkje rett. Men der sat han snurt og ryggvend med telefonen mot øyret.

Ei kort oppsummering for eventuelle nye lesarar: Eg er altså på reise i Finland, og målet er den vesle bygda Leppävirta i Norra Savolax. Sommaren 1983 var eg der i tre veker i samband med eit utvekslingsprogram i regi av Rotary International. Eg var 17 år, og den fyrste veka budde eg på ein jordbærgard. Det var der eg møtte Jussi og den finlemma Liisa. Når eg no etter 39 år er på veg tilbake, har eg lita tru på at eg vil treffe dei to att, eg veit ikkje eingong etternamna deira. Men eg har ei lita von om at synet av den finske grenda skal vekke slumrande minne. Og det kan godt vere at nokre gamle rotarianarar hugsar at eg var der: «Nei, saatana perkele, er det norjalainen som er tilbake?!»

Mi reise byrja i Turku eller Åbo, og eg trur ho skal ende i Helsinki eller Helsingfors. Men no ein kort avstikkar, for det er på høg tid å introdusere kjelda mi til innsidekunnskap om det gåtefulle Finland: Riitta Helgestad. Det var på forsommaren eg fyrste gong ringde den finske konsulen for Innlandet, og sidan har vi halde tett kontakt med telefonar, tekstmeldingar og e-brev.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement