Reportasje
Vi saksøkte staten
Sergej Markelov freistar å overleve med den nye statusen som folkefiende. Første steg: å saksøkje den russiske staten.
I april bestemte vener seg for å sende meg til Armenia for å kome til hektene. Eg drog til byen Dilijan i dei armenske fjella.
Foto: Privat
Då det vart kjent at eg var erklært som utanlandsk agent av styresmaktene, stod ikkje telefonen min still. Alle ringde og sende meldingar. Eg skjøna ingenting av dette. Dagen etter tok eg derfor kontakt med advokat. Han sende meg ei lang liste med krav som utanlandske agentar må følgje, og fortalde at eg måtte fylle ut og levere inn omfattande dokumentasjon til styresmaktene kvar tredje månad.
Like etter nyttår i fjor sette eg meg så ned for å fylle ut min første rapport. 85 ark med ulike spørsmål. Eg skreiv ned, som krava seier, kva type antibiotika eg kjøpte på apoteket, kva type sokkar og kortbukser eg har kjøpt meg i det siste, og kor mykje pengar stefar min sende til borna sine i nyttårsgåver frå Finland, og så vidare og så vidare.
Etter kvart vart eg lei av dette. Eg tok ei utskrift av transaksjonane frå dei tre tomme bankkontoane mine og la ved rapporten. Så kunne justisdepartementet sjølv finne ut kva eg kjøpte: appelsinar eller kondom.
Men verre var det at eg måtte skrive ei fast melding med store bokstavar kvar gong eg publiserte noko: «Dette materialet er oppretta og distribuert av eit utanlandsk massemedium som utfører funksjonane til eit utanlandsk massemedium, som utførerer funksjonane til ein utanlandsk agent, og (eller) ei russisk juridisk eining som utfører funksjonane til ei utanlandsk.»
Sjølv i kommentarfelta i sosiale medium måtte dette med. Kvifor? Lova krev det. Med eitt mista eg no dei fleste journalistoppdraga mine.
I slutten av januar 2021 møtte eg to andre utanlandske agentar, Darja i Raudekrossen og Denis, redaktør i ei nettavis i Pskov. Darja hadde kommentert politiske straffesaker i Russland i sosiale medium. Det var nok til at ho vart erklært utanlandsk agent. Denis hadde, som eg, motteke pengar frå Radio Free Europe/ Radio Liberty.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.