– Vi snakkar ikkje politikk om bord

Det er ikkje lenge sidan russiske kollegaer var ei interessant kjelde til kunnskap om livet i Russland. No er vindauget mot aust lukka.

Ei kort røykjepause for Marchello Hodcenkov før dreggen vert kasta og lina går.
Ei kort røykjepause for Marchello Hodcenkov før dreggen vert kasta og lina går.
Publisert Sist oppdatert

For ti år sidan fanst det enno dei som hadde trua på Vladimir Putin – både i Russland og i Vesten. Ein trudde at økonomisk samarbeid og ein fri, open marknad skulle dra russarane gradvis inn i den vestlege sfæren. Så feil kan ein ta.

Sjølv arbeidde eg i Barentshavet som linefiskar, av og på, i denne tida. Mellom 2010 og 2018 var mange av kollegaene – og med tida, venene mine – russarar, hovudsakleg frå Murmansk. Nokre av dei var også frå andre stader som ein gong hadde lege under Sovjetunionen, anten som provinsar eller som satellittstatar. Eg arbeidde saman med sjøfolk frå Sibir, Ukraina, Latvia og Litauen.

Frå mafia til Putin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement